Hopp til innhold

Fem tips til kraft-turisme i Norge

FLØRLI, LYSEFJORDEN (NRK): Hessel Haker inviterer deg gjerne med opp det som CNN kåra til ei av dei skumlaste trappene i verda.

Hessel Haker i trappa

EIN AV TO: Hessel Haker har budd to år ved trappene i Flørli. Han deler den gamle kraftbygda med ein kunstnar og tilreisande turistar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Med 4444 trinn er dette den lengste tretrappa i verda, men ikkje berre det. Då CNN skulle kåre dei skumlaste trappene i verda tok dei med Flørlitrappene på lista, saman med blant anna tempeltrappene i Angkor Wat i Kambodsja og Friheitsgudinna i New York.

– Det er ei fantastisk fin turoppleving og ein historisk plass å kome til. Faktisk trur eg at Flørli kan vere ein attraksjon i seg sjølv, fortel guide og reiselivsgründer Hessel Haker.

Trappene ved sidan av røyrgatene i den nærast folketomme og veglause bygda ved Lysefjorden i Ryfylke blei bygd for å frakte folk og utstyr opp til fjellet under den store kraftutbygginga frå 1915 til 1917.

I dag er det Hessel Haker og frivillige, blant anna frå Stavanger turistforeining, som held den ved like. Han håpar at mange fleire turistar vil finne vegen til Flørli for å oppleve dei handbygde og elleville trappene opp fjellsida.

– Eg har lyst å bygge opp dette her og eg har ikkje tenkt å gi meg før det går skikkeleg bra. Den dagen det går skikkeleg bra og det blir kjedeleg så kan det hende at eg gir meg.

Hanna Geiran hos Riksantikvaren har stor tru på at dei gamle kraftanlegga i Norge blir ei vekstnæring innanfor reiselivet.

– Kulturturisme er i sterk vekst og folk er opptatt av å reise til stader der dei kan oppleve spennande ting, kultur og historie. Gjerne då i samband med naturopplevingar, meiner Geiran.

Vasskraftanlegga i fjellsider rundt i landet kan gi både naturopplevingar og eit innblikk i historia Norge har med å utnytte ressursane naturen gir. Det håpar guiden på Flørli håpar det vil lokke kraft-turistar til Norge.

Her er fem destinasjonar der du kan oppleve kraft-turisme i Norge:

1. Kraftstasjonen og trappene i Flørli, Rogaland:

Trappene i Fløri, Lysefjorden

SKUMMELT: Dei lengstre tretrappene i verda ligg tilgjengeleg for alle i den nær fråflytta bygda Flørli.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Hit må du ta deg med rutebåt eller turistferja inn Lysefjorden. Lokale entusiastar tilbyr aktivitetar, enkel overnatting og servering. Dei lengste (og kanskje skumlaste) trappene i verda tek deg opp til DNT sitt rutenett og fleire turisthytter i fjellet.

2. Trappene og trallebana i Høyanger, Sogn og Fjordane:

Video Sjå Trappeløpet i Høyanger direkte

FORT OG BRATT: I Høyanger i Sogn kjem kvart år mange tilreisande for å gå dei stupbratte trappene opp fjellsida.

Foto: Nyhetsspiller

To gamle tretrapper går rett opp fjellsida i industristaden ved Sognefjorden. Kvart år blir Trappeløpet arrangert. Desse trappene er tilgjengeleg for alle heile året og på toppen har du ein spektakulær utsikt over industribygda og fjordlandskapet. Langs fjellsida inst i dalen går det ei trallebane, som fraktar folk. Det er mange som meiner at denne bør opnast for ålmen ferdsel og at det kan bli ein stor turistattraksjon.

3. Kraftmuseum og via ferrata i Tyssedal, Hordaland:

Tysso via ferrata Tyssedal

ADRENALINKICK: Frå Tyssedal kan du ta deg opp fjellsida på ein spektakulær måte.

Foto: hardangerfjord.com

Ved Sørfjorden i Hardanger ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Her kan heile familien lære om korleis vasskrafta blei og er viktig for Norge. I fjellet bak museet er det bygd ein via ferrata (stålwirar i fjellsida) der du kan klatre opp. Derfrå kan du gå vidare til den stadig meir populære turistattraksjonen Trolltunga.

4. Museum og aktivitetar på Vemork, Telemark:

Industriarbeidermuseet på Vemork

HISTORISK: Like ved Rjukan kan du oppleve både eit historisk sus og sus i magen med strikkhopp.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Den store kraftstasjonen på Vemork kom igjen i søkelyset med TV-serien Kampen om tungtvannet. I dag er området eit stort museum verna av Riksantikvaren, men også åstad for halsbrekkande aktivitetar som strikkhopping ned juvet om sommaren og isklatring om vinteren.

5. Besøk åstaden for Alta-aksjonane

Alta kraftverk maskinsalen

SLIK BLEI DET: Mange prøvde å stoppe bygginga av Alta kraftverk. Inne i fjellet ser det no slik ut, og du kan besøke anlegget som turist.

Foto: Statkraft

Statkraft tilbyr turistar å sjå produksjonen av vasskraft på nært hald i fleire av dei store kraftstasjonane rundt om i Norge. Blant anna er Alta kraftverk tilgjengeleg for publikum. Kraftverket blei sett i drift i 1987, etter fleire år med heftige protestar og aksjonar.