Hopp til innhold

Han er ny distriktsredaktør i NRK

Terje Gilleshammer (38) frå Kjølsdalen i Eid er tilsett som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Terje Gilleshammer

GLER SEG: Terje Gilleshammer seier han er stolt over å få leie NRK Sogn og Fjordane vidare.

Foto: NRK

Regionredaktør Kai Aage Pedersen seier han er svært glad for å få Gilleshammer med på laget i den nye leiargruppa i region vest.

– Han har eit herleg engasjement, han er ein flott leiartype og han har stor tillit blant dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane. Eg er trygg på at han vil gi eit stort bidrag for å sikra publikum eit endå betre tilbod enn dei får i dag, seier Pedersen.

Gilleshammer har vore tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan desember 2004, han er utdanna i internasjonal marknadsføring frå Høgskulen i Ålesund, han har studert ved Bangkok University i Thailand og arbeidd for lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy.

I NRK Sogn og Fjordane har Gilleshammer vore journalist, vaktsjef og prosjektleiar for barne-tv. I to år har Gilleshammer også vore faglærar for NRK Nynorsk mediesenter.

Terje Gilleshammer seier han er stolt over å få leie NRK Sogn og Fjordane vidare:

– Eg kjenner eit sterkt ansvar for dette distriktskontoret og den viktige rolla vi har. Eg kjenner ein kjærleik for Sogn og Fjordane og folket her og ynskjer difor å vere med å utvikle NRK Sogn og Fjordane vidare.

Den nytilsette direktøren har også visjonane for det vidare arbeidet klare.

– Vi skal vere eit sterkt distriktskontor som leverer god journalistikk, program og historier. Og vi skal hjelpe til å løfte fram historier frå Distrikts-Noreg.

Kai Aage Pedersen seier Gilleshammer har vore ein pådrivar for å løfte fram historier frå Sogn og Fjordane inn i riksflatene til NRK.

– Frå første dag i NRK gjekk han laus på dei store oppgåvene. Han laga lengre TV-dokumentarar og saker til Dagsrevyen som fekk eit stort publikum. No får han ansvaret for å sikra god journalistikk frå Sogn og Fjordane, til eit lokalt og nasjonalt publikum, på dei plattformene publikum vil ha innhaldet på, seier Pedersen.

Terje Gilleshammer går inn i stillinga som distriktsredaktør 1. september.