– Det er ikkje så mange kjelkar som blir laga her i landet lenger. Og dette er jo ein litt spesiell ein, nesten Rolls-Royce-modellen, seier Johan Berge ved Utvik tre.
Han er truleg den einaste kjelkemakarane i Sogn og Fjordane, og ein av særs få i heile landet. I over 40 år har han arbeidd med tre, og framleis lagar han dører og alt anna folk måtte ha bruk for, på bestilling. I tillegg til kjelkane, som stammar frå Oppsal treindustri på Grünerløkka.
– Det var tilfeldig at vi kom over, og at eg fekk vere med å produsere den og kanskje også får vere med å utvikle kjelken vidare, fortel Berge.
Møysommeleg arbeid for hand
For den klassiske kjelken utan ratt ser ut som den alltid har gjort, men likevel med ein moderne vri. Meiane finst til dømes i knallrosa og knallgrønt, og finst i lengder på opp til fire meter, så ein slapp å sette utfor dei brattaste bakkane åleine.
HANDLAGA: Kvar av kjelkane er laga etter møysommeleg arbeid frå ein av få kjelkemakarar i landet.
Foto: Silje GuddalBerge har stålkontroll på meiar og alle 22 laga med bjørk og mahogni som skal limast saman for å lage ein ny kjelke.
Høyr kjelkemakaren fortelje om korleis ein kjelke blir til.
Har eigen testkøyrar
Lokala har husa fleire ulike trefabrikkar gjennom mange år, felles for dei alle er at Johan Berge har vore fast inventar og hatt ein finger med i treprodukta som har blitt laga. Sidan 1971 har tre vore materialet for han.
– Plastkjelkar er ikkje kjelkar. Ein kan ikkje renne på det, ein må ha skikkelege greier som toler det, understrekar kjelkemakaren.
Kjelkane blir laga for hand, og ein eigen testkøyrar er også hyra inn for å sjekke at kjelkane går som dei skal.
– Vi testar dei på sida av hoppbakken på andre sida av fjorden. Eg er for gamal, men han som testar var imponert over kva fart ein fekk på kjelken, fortel Berge.
Kjelken er utan ratt, for det er slik den klassiske utgåva skal vere, meiner Berge.
– Ein må bruke føtene eller ei buske til å styre med, slik ein gjorde før i tida. Men kanskje må vi til med styrestong som ekstrautstyr.
Kjelkemakaren fortel om ulike kjelkar dei produserer.