Hopp til innhold

Han er ein av 72 som har klaga på politistrukturen

SKEI I JØLSTER (NRK): Lensmannskontoret i Jølster skal etter planen bli slått saman med eit anna kontor. Ordførar Oddmund Klakegg likar det dårleg.

Oddmund Klakegg

KLAGA: - Å plutseleg stå utan ein samfunnsfunksjon som lensmannskontr og følgjene det får for tryggleik, beredskap og førebygging, det klarer vi ikkje heilt å akseptere, seier ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det har vore ein dårleg prosess, som vi ikkje ein gong har vore del av. Det var sagt at det skulle vere kommunikasjon, men det har eg ikkje sett noko av, seier senterpartiordføraren.

Frå kontorstolen sin ser han ut over eit av Sogn og Fjordane sine største vegkryss. Her møter E39 riksveg 5. Ein rapport kommunen har utarbeidd syner at det er talet på skadde eller drepne i trafikken i kommunen er 62 prosent høgare enn for Sogn og Fjordane sett under eitt.

– Vi ligg midt i fylket og har kortast responstid til resten av fylket. Det er kontor 40–50 minutt unna, men med store og stygge hendingar så er dei langt unna.

No har han og 71 andre kommunar klaga på den lokale organiseringa av politidistrikta som Politidirektoratet har lagt fram. Målet med reformer i sikre eit godt nærpoliti der folk bur og skape gode fagmiljø.

– Alle klager får ei grundig behandling. Vi ser spesielt etter ny informasjon og nye forhold som kan vere med å endre avgjerdene som er tekne, seier seksjonssjef Hans Bakke i Politidirektoratet.

Trur ikkje klagen når fram

Også i politiet har misnøya med endringane vore store. Mellom anna trur berre 19 prosent av dei spurte leiarane i ei undersøking at reforma vil bidra til meir synleg og tilgjengeleg politi.

21 av klagene som har kome inn gjeld forhold som ein ikkje har klagerett på, og desse har fått høve til å endre klaga med ny frist. 12 av klagene er allereie ferdigbehandla og sendt over til Justis- og beredskapsdepartementet som skal ta endeleg avgjerd i saka. Sakene skal vere ferdigbehandla til 1. april.

– VI har følgt denne prosessen med å endre den lokale organiseringa lenge, og har halde oss løpande orienterte om problemstillingar som har vore diskutert lokalt over heile landet, seier Bakke.

I Jølster har ein hatt lensmannskontor sidan 1602. Ordføraren forstår ikkje kvifor ein skal endre noko som har fungert godt. At klaga når fram har han heller ikkje store forhåpningar om.

– Sentrale politiske parti som kan kome i posisjon til haustent har sagt at dei vil dei reversere lensmannsreforma. Då meiner eg det er viktig å seie at Jølster kommune ikkje er tent med den.