Hopp til innhold

Gunnar deltok i leitinga etter nevøen sin

Gunnar Andvik var sjølv med å leita etter nevøen som var om bord i det styrta flyet på Voss. – Han var ein ekstremt dyktig pilot, verkeleg ein av dei beste, seier han.

Gunnar Anvik

– EIN AV DEI BESTE: Gunnar Andvik beskriv nevøen sin som ein særs erfaren pilot. Han er sjølv ein del av småflymiljøet på Voss.

Foto: Oddeir Øystese / NRK

Nevøen til Gunnar Andvik er ein av to personar som tysdag forsvann i det sakna mikroflyet i Voss kommune.

Eg kan verkeleg ikkje forstå kva som har skjedd sidan flyet styrta.

Gunnar Andvik

Like før klokka 12.00 i går kom den endelege beskjeden om at to personar er funne omkomne i flyvraket på Voss. Saman med nevøen til Andvik sat ein 48 år gammal mann også i flyet.

For Gunnar Andvik frå Masfjorden har det vore svært spesielle dagar sidan dei to vart meldt sakna tysdag. Andvik har sjølv vore med å leita etter nevøen sin i fjellet.

– Tunge dagar

Fly styrtet i fjellet på Voss

FRAMME VED VRAKET: Klokka 11.00 onsdag tok NRK dette bildet frå helikopter over ulukkesstaden. Då hadde mannskap frå politiet akkurat kome fram til staden og starta graving. Kort tid etter kunne lensmannen melde at to personar låg døde i vraket.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

NRK snakka med Andvik onsdag føremiddag. Då sat han på Bømoen flyplass med fleire andre pårørande og venta på oppdateringar frå mannskapet på ulukkesstaden.

Kring klokka 11.00 onsdag føremiddag kom mannskapet fram til Stora Volavatnet. Staden der mikroflyet styrta måndag denne veka. Mindre enn ein time seinare finn dei to omkomne inne i flyet.

– Det er rett og slett uverkeleg det som har skjedd, seier Andvik.

Han er sjølv ein del av småflymiljøet på Voss, og flyr same type fly som styrta måndag.

– Eg kan verkeleg ikkje forstå kva som har skjedd som har gjort at flyet styrta. Det heile er berre uverkeleg. Dei siste dagane har vore ekstremt tunge.

Bømoen flyplass

BØMOEN: Onsdag var fleire frå flymiljøet samla på Bømoen flyplass på Voss.

Foto: Oddgeir Øystese

Kaotiske timar

Då NRK trefte Andvik i går hadde han vore gjennom eit svært spesielt døgn. På få timar fekk han vite at flyet med nevøen var meldt sakna, han deltok sjølv i leiteaksjonen og fekk til slutt vite at flyet vart funne.

I 13-tida tysdag la politiet ut ei kort Twitter-melding om at eit mikrofly var sakna på Voss.

Politi og Hovedredningssentralen i Sør-Norge sette i gong leiting etter det guloransje flyet. Det same gjorde mange i det lokale flymiljøet på Voss, som kjende dei to sakna.

Bland dei Gunnar Andvik, som også er ein aktiv person i flymiljøet på Voss.

Det tok ikkje lang tid før flyet dukka opp i leitinga. Eit Sea King redningshelikopter gjorde funn i fjellet ved Volavatnet nord for Voss, og litt før klokka 16.00 kom meldinga. Flyet var funne styrta i snø og is ute på vatnet.

«Han var ein av dei beste»

Dei to omkomne vart frakta ned frå fjellet i går, og i dag skal flyvraket hentast ned frå Volavatnet.

Andvik beskriv nevøen sin som ein særs erfaren pilot.

– Nevøen min var ein ekstremt dyktig pilot. Han var verkeleg ein av dei beste.

Han fortel at flymiljøet og pårørande skal samlast på Bømoen på sundag for å minne dei to omkomne.

Mikrofly styrta på Voss

HENTAST NED I DAG: Flyvraket står i dag framleis på isen på Volavatnet. Politiet håpar å få henta det ned til Voss i ettermiddag.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix