Hopp til innhold

Han blir ny direktør for Festspillene i Bergen

Etter at førre direktør fekk sparken på bakgrunn av skuldingar mot seg i fjor haust er det no klart at Lars Petter Hagen tar over festspillroret.

Styreleder i Festspillene i Bergen, Thorhild Widvey og nyansatt festspilldirektør Lars Petter Hagen.

STYRELEIAR OG DIREKTØR: Thorhild Widvey og Lars Petter Hagen.

Foto: Roza Sadik Bawan / NRK

22. september kalla Festspillene i Bergen inn til eit hastepressemøte.

Det som kom fram slo ned som ei bombe i kulturlivet i Bergen, og festspilldirektør Anders Beyer måtte gå av på dagen.

Festspillene har no vore utan direktør i over fire månadar. No er det klart at Lars Petter Hagen tek over jobben etter at Anders Beyer ikkje lenger hadde tilit i styret.

Beyer fekk sparken i september 2021, etter å ha motteke eksternt varsel mot han månaden før. Han skulle i utgangspunktet sitta til 2026.

I dag inviterte styreleiar for Festspillene til pressemøte, der dei presenterte den nye direktøren.

– Tilsetjingskomiteen har saman med rekrutteringsbyrået gjennomført ein grundig prosess løpet av dei siste månadane, seier Thorhild Widvey.

Festspillene i Bergen er eit av dei største kulturelle arrangementa i Noreg, med over 200 enkeltarrangement fordelt på to veker.

Fornya, men ta vare på tradisjonane

Lars Petter Hagen komponist, og har mellom anna vunne Spellemannprisen for årets komponist i 2013.

Hagen seier han har latt seg fascinera av den bergenske identiteten.

– Utgangspunktet er det unike lokale kulturlivet. Blandinga av eigenart blanda med det internasjonale blikket er fascinerande, seier Hagen.

Lars Petter Hagen

KOMPONIST: Lars Petter Hagen vant Spellemannprisen i 2013.

Foto: Tom Øverlie / NRK

Hagen hiver seg laust på programmet først i 2023, då 2022 er spikra allereie.

– Eg vil laga ein festival som rører ved og beveger folk. At folk får noko å undra seg over, irritera seg over, gråte over, og å le av, seier Hagen.

Den påtroppande direktøren seier han har ein veldig tradisjonell bakgrunn med kulturskule i ein forstad utanfor Oslo.

Mora hans fekk aldri lov å byrja med musikk som ung, men la opp til det for sine ungar.

– Me kom frå ein arbeidarklassefamilie der ein ikkje syns det var viktig nok å prioritera. Då meinte ho det var viktig at ungane begynte å spela eit instrument, seier Hagen.

Han seier den «nordiske modellen» har løfta han fram i systemet, og har hjelpt han fram til å bli klassisk komponist og no direktør for Festspillene.

Metoo-sak

Widvey informerte om avgjersla i september, etter at det vart kjent at styret ikkje hadde tilit til Beyer lenger.

Styreleiaren ville ikkje kommentera nøyaktig kva Beyer gjorde, men sa det var ein metoo-sak.

– Det er meir ein metoo-sak, vil eg seie. Det å utøve sin posisjon for å prøve å oppnå ein privat relasjon, er uakseptabelt. Det har vi sett mange eksempel på tidlegare, svarte Widvey på spørsmålet frå NRK.

Beyer gjekk av 22. september, men saka vart ikkje meld til politiet.

Torhild Widvey, MCB i Bergen

STYRELEIAR: Thorhild Widvey informerte om avgjersla i september.

Foto: Jon Bolstad / NRK