Hopp til innhold

Hamnespy spreier seg langs kysten

Hamnespy er no funne nord for Sognefjorden for første gang.

Havnespy som vokser på tare og kveler organismene som vanligvis vokser på tarestilken. Her fra havna i Haugesund.

SPREIER SEG: Her er hamnespy som veks på tare og kveler organismane som vanlegvis veks på tarestilken.

Foto: Havforskningsinstituttet

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hamnespy har dei siste åra spreidd seg langs kysten frå Stavanger og nordover. No er det gjort funn av den uønskte arten i både Florø og Måløy.

– Dette er ein framand art som har stor risko for å påverke naturen i Noreg, seier Ida Maria Evensen som er seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

Hamnespyet legg seg som eit teppe over havbotn og tek livet av mange artar som er der.

No held dette fram med å spreie seg nordover, viser ei ny kartlegging. Hamnespy-DNA er no også funne i Bergen hamn og på Sotra og Stord.

– Dette er ein art som spreier seg lett, og det er difor vi er så opptekne av å hindre spreiing og å bremse det. Det har stor påverknad og vi ser alvorleg på all spreiing, seier ho.

Har teke mange prøvar

Totalt er det samla inn 251 vassprøvar som er analyserte for hamnespy-DNA. Desse er tekne langs hele norskekysten frå Trondheimsfjorden i nord til utløpet av Oslofjorden i sør. Det er Havforskningsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking (NINA) har gjort karlegginga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Hamnespyet, eller japansk sjøpung, er ein framand art som opphavleg kjem frå Japan og som har spreidd seg via skipstrafikk. Evensen seier hamnespyet gir alvorlege konsekvensar for livet på havbotn.

– Det er ein art som veks som ei matte på havbotn og fortrengjer andre område som lever der. Hamnespy vil difor påverke naturmangfaldet negativt i desse områda.

Les også Havnespy kan spre seg helt til Svalbard, ifølge en ny risikovurdering

Havnespy i Engøysundet i Stavanger

Ekstra sjekk i Oslofjorden

I Rogland blei det funne DNA på tidlegare kjende stader, medan det ikkje er funne i Oslofjorden.

Men sidan det i 2022 blei funne hamnespy på Kosterøyene i Sverige, like ved utløpet av Oslofjorden, har dei brukt ekstra ressursar på å leite her.

Det blei tatt fleire prøver i området, men heldigvis viste ingen av disse funn av hamnespy i Oslofjorden, seier Ellen Hambro.

For å følge utviklinga gir Miljødirektoratet tilskot til at Oslofjordens Friluftsråd i samarbeid med Havforskningsinstituttet lærer opp dykkarar og pilotar av undervasskamera. Dei skal gjennomføre kartleggingar i hamner og område der det er størst sannsyn for at arten kan etablere seg.

Ber båteigarar følgje med

Båtsesongen er straks i gang for fullt. For å hindre at det spreier seg vidare, så bør du følge med på båten og fiskeutstyr, er oppmodinga frå Miljødirektoratet.

– Har du ein fritidsbåt, fiskar eller set ut hummarteiner, følg med om det er det hamnespy på det. Vask utstyret godt før du flyttar på det.

Hamnespy er beige-brun art som ligg som ei matte på havbotn eller på til dømes båt, tau og liknande i vatn.

Hamnespy døyr ved uttørking i løpet av ei veke, eller i kontakt med ferskvatn i minst seks timar.

– Men per no har vi ingen metodar som gjer at vi kan bli heilt kvitt det. Difor må vi prøve å avgrense spreiinga slik at vi får minst mogleg påverknad, seier Evensen.

Les også Dødeleg art kom snikande under eit skip

Havnespy