Hopp til innhold

Far og son hamna midt opp i busstragedien: Kjenslemessig svært tøff oppleving

Ut av skodda kom ein mann og fortalde det han hadde sett. Inne i bussen framfor dei låg offera for knivdrapsmannen. Turen heim frå hytta blei alt anna enn det dei hadde tenkt.

John Norman Melheim og Vegard Jevnaker Melheim var blant de første som kom til drapsåstedet i Årdal.

VIDEO: Far og son hamna midt i bussdramaet.

Heime i varmen i stova i Øvre Årdal sit far John Norman Melheim og sonen Vegard Jevnaker Melheim. Sterkt prega og skaka over det dei opplevde på fjellet nokre timar i førevegen.

Dei kom som nummer to til staden der ein mann tok livet av tre i Valdresekspressen. Bussen var på veg frå Årdal mot Oslo, men på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin vart det stopp.

– Vi hadde vore på dagstur på hytta på Tyinkrysset og var på veg heim att kring kvart på seks. Så kom vi til Holsbru der det stod ein bil på skrå over vegen og stoppa oss.

– Det kom ein kar bort til glasruta og sa at det var ei busskapring 50 meter lenger borte. Vi visste jo ikkje kva vi skulle tru. Han var jo tydeleg oppskaka, prata fort og var tydeleg prega av det han hadde sett og opplevd, seier Vegard Jevnaker Melheim (22).

Ei 19 år gamal kvinne, ein bussjåfør frå Valdres i 50-åra og ein svensk statsborgar i 50-åra vart drepne i busskapringa i Årdal måndag kveld. Ein asylsøkjar frå Sør-Sudan, fødd i 1982 er på pågripen for trippeldrapet.

– Person låg i trappa og det var masse blod

Vegard fortel med dirrande røyst om det han opplevde etter det som hadde vore ein flott dagstur over fjellet.

Vi sat ganske lenge før det skjedde noko. Vi visste at dei var på veg. Det tok i alle fall ein halv time før vi såg at det vart blålys i skodda. Det var tydelegvis brannbilen

Vegard Jevnaker Melheim

– Så klarte han etter kvart å forklare at han sett bussen stå veldig merkeleg. Den hadde stått på skrå i motsett køyrefelt. Då hadde dei stogga bilen og ville ut og sjekke om kanskje sjåføren hadde fått eit illebefinnande, eller om alt var ok.

– Når dei kom bort så hadde dei sett at ein person låg i trappa i bussen ned mot glasruta og det var masse blod, fortel Vegard.

Måtte opprette sikkerheitssone

Han fortel vidare at mannen hadde prøvd å få opna døra, men som ein mann hadde han ikkje klart det. Etter kvart hadde han fått hjelp av fleire og då fekk dei opp døra etter kvart.

– Når dei klarte å få opp døra så møtte dei ein mann som mest sannsynleg då var gjerningsmannen. Han truga dei med kniv. Så dei fekk trekt seg tilbake og fekk ringt 113.

– Dei hadde då fått beskjed på telefon at dei skulle oppretta ei sikkerheitssone og at folk skulle halde seg eit stykke vekke. Ein visste jo ikkje då om gjerningsmannen var i stand til å ta seg ut av bussen og gå mot folk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åstaden for trippeldrapet

ÅSTADEN: Valdresekspressen blei åstad for fryktelege handlingar. Tre menneske vart drepne av ein mann med kniv.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Såg blålysa kome

Ingen av dei som etter kvart kom til vegstrekninga på Holsbru visste då noko om korleis dei andre passasjerane i bussen hadde det, dei hadde jo berre sett den eine personen. Etter kvart kom det fleire bilar og dei som kom først måtte informere dei om det same.

– Så vart folk ståande og vente. Det var skodde og mørkt, men vi såg når blålysa kom. Det tok ei stund før alle var på plass. Ikkje heilt sikker på kor lang tid det tok. Vi sat ganske lenge før det skjedde noko. Vi visste at dei var på veg.

– Det tok i alle fall ein halv time før vi såg at det vart blålys i skodda. Det var tydelegvis brannbilen, seier Vegard.

– Veldig mørkt og mykje skodde

Etter kvart kom fleire blålys, fleire sirener som ulte ut over fjellviddene. Ambulansar og etter kvart også politibilar. Minuttane dei venta verka uendelege. Folk fann saman, prata og oppsummerte.

– Vi såg lysa på bussen og vi såg at det kom blålys, utan at vi visste kva slags utrykkingsfolk det var. Vi var jo ikkje klar over at det var brannvesenet. Vi rekna jo kanskje med at det var politiet som var der først. Men vi har jo fått vite etterpå at det ikkje var det. Det var veldig mørkt og veldig mykje skodde.

– Kjenslemessig svært tøft

Ved sidan av Vegard sit pappa John Norman. Mannen som i generasjonar har vore ein bauta i årdalspolitikken, og sjølv var med og etablerte bussruta som vart heitande Valdresekspressen i 1985.

No går tankane både til dei pårørande og til tidlegare kollegaer i rutebilbransjen.

Vi fann ut at vi måtte vere lojale i forhold til den beskjeden som var komen over telefon frå 113 om at vi skulle etablere ei sikkerheitssone

John Norman Melheim

– Var heilt uverkeleg. Var kjenslemessig veldig tøft. Det var sonen min som køyrde bilen, og han spurde om han skulle få gå bort og utføre førstehjelp. Men det blei vi fort samde om at ikkje lét seg gjere.

– Vi fann ut at vi måtte vere lojale i forhold til den beskjeden som var komen over telefon frå 113 om at vi skulle etablere ei sikkerheitssone, fortel John Norman.

– Seig inn etter kvart

Han fortel at dei tok seg av kvarandre, og informerte andre som kom til. Mannen som var førstemann på åstaden var sterkt prega av det som hadde skjedd. Etter kvart kom det meir informasjon, ein uendeleg trist straum av nyhende frå ein djupt tragisk åstad – berre meter frå dei.

– Det seig etter kvart innover oss. Når ein står oppe i det, ein har ein kort avstand, det byrjar å bli mørkt og tåke. Ein såg masse lys frå utrykkingskøyretøy.

– Du registrerer kva som går føre seg der og da, men du tek det på ein måte ikkje heilt inn over deg kva som hadde skjedd inne i bussen, fortel far og son Melheim.