Hamna midt i supertyfonen sine herjingar

Grethe Hjetland frå Vik i Sogn hamna midt i ein supertyfon på jobbreisa til Taiwan. Dei har fått streng beskjed om å halde seg innandørs medan stormen rasar i gatene utanfor hotellet.

Grethe Hjetland frå Vik er på arbeidsreise i Taiwan der ein supertyfon no herjar.

MIDT I STORMEN: Kollegaene Grethe Hjetland og Mustapha Mekhatria fekk så vidt lov til å gå utanfor døra på hotellet, men berre på den vindstille sida, og hotellpersonell måtte vere med dei ut. (FOTO: PRIVAT/AFP/NASA)

– Det er veldig mykje vind og eit vanvitig regnvêr. Om eg skal samanlikne det med noko vil eg seie at orkanen Dagmar er ein liten sommarvind i høve til dette, seier Hjetland.

Saman med kollega Mustapha Mekhatria frå Canada, er ho på ei to vekers jobbreise i Asia, og har vore innom Shanghai og Beijing i Kina før dei søndag kom til Taipei, den største byen i Taiwan. Der herjar no ein supertyfon med vindkast på opp mot 227 kilometer i timen.

– Vi har fått streng beskjed om å ikkje forlate hotellet. Myndigheitene er veldig klare på at vi må halde oss inne, fortel Hjetland.

Alle kontor og skular er stengde

Taiwan ligg seks timar føre Norge, og då NRK snakkar med ho er det seint på kveld i Taipei. Stormen har allereie teke seg kraftig opp sidan ettermiddagen, då dei sist var utanfor hotelldørene.

– Vi var på eit møte og skulle krysse gata for å kome oss tilbake til hotellet. På berre 30 meter var eg klissvåt. Eg måtte tømme skoa mine for vatn då eg kom inn att på hotellet. Det var ei erfaring for å seie det slik.

Alle offentlege kontor og skular er stengde i alle fall fram til tysdag. Tyfonar er ikkje ukjend for øya, men ifølgje Hjetland er det mest vanleg at Taipei, som ligg nordvest på øya, slepp unna. Over 7000 menneske er evakuerte frå heimane sine, 24 menneske er så langt lettare skadde og titusenvis av bustader nord på øya er utan straum, melder NTB.

– Så den har treft øya her i mykje større grad enn normalt, og vi har fått beskjed om at det skal auke på utover natta. Korleis det vil bli må vi berre sjå, men vi kjenner oss veldig trygge, seier Hjetland.

Grethe Hjetland frå Vik i Sogn er midt i tyfonen sine herjingar på Taiwan.

STORMEN HERJAR: Grethe Hjetland sin kollega, Mustapha Mekhatria frå Canada, filma tyfonen ute på gata før dei måtte søkje ly inne på hotellet. (FOTO: PRIVAT)

Kjenner hotellet gynge

Fram til stormen roar seg må dei halde seg innandørs, men også der merkar dei tyfonen godt. Hotellet har 24 etasjar, og dei er glade dei berre bur i 9. etasje.

– Kollegaen min har rommet sitt på hjørnet av hotellet, og der kjenner han at hotellet gynger. Han har også vindauge på kvar side av hjørnet, så han har spurt om å få øyreproppar for å kunne sove, for der var det eit vanvitig bråk, fortel Hjetland.

Dei to kollegaene i dataverksemda Highsoft har så langt måtte setje ein del avtalar på vent. Torsdag reiser dei heim att. Flyplassen er no stengd, men truleg har situasjonen normalisert seg til då, trur Hjetland.