Her står vogntoget med ti tonn isolasjon – Vegtrafikksentralen åtvarar mot sommardekk

Lasta med ti tonn isolasjon enda eit norskregistrert vogntog i myra på Hemsedalsfjellet. Vegtrafikksentralen åtvarar mot vanskelege køyreforhold over snødekte fjellovergangar.

Trafikkuhell på Hemsedalsfjellet

AV VEGEN: Vogntoget, lasta med ti tonn isolasjon, hamna i myra på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK.no-tipsar

Vêromslag har ført til svært vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i dag.

På Hemsedalsfjellet er det no snøføre og eit vogntog har hamna i grøfta.

– På Hemsedalsfjellet er det store problem. Mange som kjem med sommardekk, og fleire bilar har større problem, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

– Bruk kjettingar

Det vart i 12.30-tida meldt om null grader, laber bris og sluddbyer på fjellovergangen. I vegbana ligg det snøslaps.

Vegtrafikksentralen oppmodar store køyretøy til å bruke kjettingar.

– Det er litt spesielt i dag, for det var meldt varmegrader på fjellet, men det har tydelegvis kome snø i ganske store mengde. Så det er vanskelege køyreforhold, seier Molvær.

Står i myra

Det fekk eit norsk vogntog lasta med ti tonn isolasjon merke i 09-tida. I møte med eit anna større køyretøy like sør for Slettevatnet på Buskerud-sida, kom vogntoget for langt ut på kanten og hamna i ei myr.

Det er venta redusert framkjømd til klokka 14. Då blir vegen venteleg stengd i opp til ein halvannan time for bilberging. Ingen personar vart skadde i uhellet.

– Den stod med myr til langt opp på hjula, så vi måtte ha på plass gravemaskin for å få den laus, seier Kenneth Engebakken ved Hallingdal Tungbilberging.