Hopp til innhold

Hammer MC i søkjelyset som Hells Angels-supportklubb

27 nye klubbar støttar Hells Angels. Ein av desse er Hammer MC i Florø. NRK drog til hovudkvarteret, for å snakke med medlemmane.

Hammer MC i Florø - no heiter dei Hog Riders MC

STOPP: Vi kom hit, men ikkje lenger. Det er overvakingskamera og høge gjerder rundt heile klubbområdet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I lett duskregn står vi utanfor den massive porten som sperrar inngangen ved hovudkvarteret til motorsykkelklubben Hammer MC.

Ifølgje kjelder NRK Brennpunkt har snakka med, er det ein av 27 klubbar i landet som har blitt støtteklubb for Hells Angels.

Ingen i Hammer MC vil snakke

Hammer MC i Florø

INNGJERDA: Hammer MC vil ikkje ha uvedkommane på besøk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Hovudkvarteret ligg på ein sideveg ved hovudvegen til Florø, og ser ut som eit fort med høge gjerder, overvakingskamera og fleire skilt der det står «adgang forbode».

Vi står på utsida og prøvar få kontakt: – Hallo? Hallo? Er det nokon her?

Ein mann dukkar opp inne på området. Han svarar høfleg , men bestemt. Han vil ikkje la seg intervjue av media: – Dei vrir og vender på alt, seier han.

Fann skytevåpen og narkotika

Hammer MC braut ut frå Florø MC Klubb for omlag ti år sidan. Leiaren i Florø MC Klubb vil heller ikkje la seg intervjue. Han seier det ikkje er noko formell kontakt mellom klubbane lenger.

Hammer MC har vore i politiets søkjelys tidlegare: I 2003 gjennomførte politiet ein større razzia i klubblokala. Dei fann då narkotika, medikament, skytevåpen, og det dei mistenkte var smuglargods.

Dåverande stasjonssjef Nils Erik Eggen ved Flora politistasjon sa den gongen at Hammer MC har hatt mykje kontakt med andre kriminelle MC-miljø som har drive med omfattande kriminell verksemd.

– Vi har mistanke om at Hammer MC har hatt kontakt med ei rekkje klubbar på Vestlandet og i resten av landet, sa Eggen i 2003.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lokala til Hammer MC

LOKALA: Hammer MC sine lokaler ligg på eit industriområde ved riksveg 5 mellom Brandsøy og Krokane i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Hadde lite til overs for aksjonen

Stian Dolve var den gong talsmann for Hammer MC, og hadde lite til overs for aksjonen til politiet:

– Saka er overdimensjonert. Politiet driv med stigmatisering, og det er eit forsøk på sverte oss og vår livsstil.

NRK prøvde i går å kome i kontakt med Dolve, utan hell. Vi forsøkte også å snakke med Knut Einar Grønsberg, som også tidlegare har snakka på vegner av klubben. Han ville ikkje la seg intervjue, men sa at påstanden om at dei no vil bli støttemedlem for Hells Angels, er «vissvass».

Politiet: – Vi har god kontroll

Robert Veseth, noverande stasjonssjef ved Flora politistasjon, seier han verken vil avkrefte eller bekrefte påstandane til NRK Brennpunkt.

Han vil heller ikkje stadfeste inntrykket forgjengaren hans hadde for åtte år sidan.

– Eg ønskjer ikkje seie kva som er status. Politiet føl med på det som skjer, og vil meiner vi har ganske god kontroll på det som skjer i byen, seier Veseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

KONTROLL: Politistasjonssjef Robert Veseth meiner dei har god kontroll på det kriminelle miljøet i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Professor: – Dei driv med omfattande kriminalitet

Professor Tore Bjørgo ved Politihøgskulen er kjent med korleis kriminelle motorsykkelklubbar opererer.

Tore Bjørgo

PROFESSOR: Tore Bjørgo ved Politihøgskulen seier MC-klubbane ofte driv med omfattande kriminalitet.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

– Støtteklubbar for kriminelle motorsykkeklubbar som Hells Angels driv med omfattande kriminell aktivitet, seier Bjørgo.

Han veit at det er utbreidd kriminalitet blant dei såkalla «hangaround»-klubbane.

– Det har vi sett veldig mykje av tidlegare. Dei får oppdrag med å gjennomføre kriminelle handlingar på vegner av dei sentrale medlemmane i Hells Angels, seier Bjørgo.

– Kva trype oppdrag og kriminalitet er det snakk om?

– Det kan mellom anna vere henting pakkar med narkotika, eller å kreve inn pengar frå folk som har gjeld. Dei får også ofte voldelege oppdrag som torpedoversemd, svarar Bjørgo.

Grunnen til at mindre MC-klubbar blir støtteklubbar for til dømes Hells Angels, er at dei får dominans i den kriminelle marknaden, ifølgje professoren. Han fortel også at det handlar om makt.