Hopp til innhold

Halvparten av norske bunadsprodusentar flaggar utanlands

Linnea (14) vil ha bunad produsert i Noreg, men det blir stadig færre som syr dei innanlands.

Snart konfirmant Linnea Eikefjord Holen prøver på bunadsvesten.

KONFIRMANT: Linnea Eikefjord Holen prøver på vesten til sin første bunad, sydd på Audhild Viken i Førde.

Foto: Ingrid G. Årdal

– Eg likar mykje betre at han er produsert heime i Noreg, seier Linnea Eikefjord Holen.

Ho forklarar at det er i Sunnfjord bunaden kjem frå, og det er betre å sy han der.

Ein bunad som er produsert med tradisjonell handsaum, får konfirmanten til å føle at plagget er meir skikkeleg, og med dei rette måla.

Men skreddarsydde bunader produsert innanlands kan bli sjeldan vare.

Frå skreddarsydd bunad til masseproduksjon

– Langt over halvparten av totalen på bunader blir produsert i utlandet, seier Camilla Rossing, leiar i Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt.

Tendensen dei siste tretti åra er at bunadsproduksjonen blir flagga ut til utlandet, enten heilt eller delvis.

Ifølge Rossing er det fleire som tar kontakt eit par år etter dei har fått bunad produsert i utlandet, og spør om det er noko gale med den.

– Det handlar om passform som ikkje er bra, og så er det detaljane for dei særeigne bunadane. Dei forsvinn i masseproduksjon, seier Rossing.

Mangel på kunnskap

Ho fortel at masseproduserte bunader også kan bli justerte i butikk heime, men på færre detaljar enn ved bunadane som blir sydd for hand frå topp til tå.

Avstanden mellom kunde og avsendar kan også påverke kunnskapen til kundane på sikt.

– Kundar veit ikkje heilt korleis det skal kjennest å ha eit plagg på kroppen som er sydd for hand til eigen kropp, seier Rossing.

Ser ikkje problemet

Esben Thyrum er sals- og marknadsansvarleg i Norske Bunader, som sender delar av produksjonen til utlandet.

Han seier at dei største fordelane er at dei får fleire skreddarar med kapasitet til å gjere eit arbeid for fleire.

Det er også billegare reint økonomisk, sjølv om kostnadar i utlandet er på stigande kurve.

– Kan de gjere dei same justeringane på bunadane, som produsentane innanlands?

– Vi kan gjere alle justeringar. Unntaket er om det er gjort ein feil jobb med bunaden frå starten av, og det kan skje om bunaden var produsert i Noreg også, seier Thyrum.

Han meiner det er uproblematisk for norsk handverkartradisjon å sende produksjon til utlandet.

– Vi har systover også i Noreg som gjer mykje jobb her. Vi meiner at vi er med på å ta vare på tradisjonen og viser fram bunad til fleire.

Vil ikkje flytte produksjonen

Liv Solveig Langeland har jobba på Audhild Viken i Førde i om lag 20 år. Neste år skal ho pensjonere seg.

Liv Solveig Langeland syr bunad

GIR SEG: Liv Solveig Langeland håpar at produksjonen på den lokale butikken kan halde fram.

Foto: Ingrid G. Årdal / NRK

Men det er vanskeleg å rekruttere. Alternativt blir kollega Agne Ladukiene åleine i butikken, og tal på produserte bunader mindre.

– Eg synest det er veldig trist om det vi gjer her skal gå til grunne, seier Langeland.

Er det aktuelt for dykk å flytte produksjonen til utlandet?

– Nei. Ikkje førebels i alle fall, seier Langeland.

Agne Ladukiene syr bunad

HANDSAUM: Agne Ladukiene syr bunadsband, og håpar ho ikkje må vere åleine om produksjonen når kollegaen pensjonerer seg.

Foto: Ingrid G. Årdal / NRK

Kanskje må dei nytte seg av personar som syr på frilans.

– Men eg trur og håpar at vi får nokon som kan drive det vidare, seier Langeland.