Hopp til innhold

Halvparten av jobbsøkarane slapp å stå fram med namn

Lova seier at offentlege søkarlister skal vere opne. Dei som rekrutterar vil ha meir diskresjon og hemmeleghald.

Havreneset i Florø

HALVPARTEN HEMMELEG: Fleirtalet av norske rådmenn vil ha meir diskresjon i søknadsprosessar. Norsk Presseforbund vil ha meir openheit.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Sist laurdag rauk det politiske samarbeidet mellom Høgre og Arbeidarpartiet i Kinn kommune på spektakulært vis etter «ei hending» på ein bursdagsfest.

Hendinga involverte mellom anna at Ap-ordføraren skal ha uttrykt at gruppeleiaren i Høgre «berre kunne gløyme» å få stillinga som kommunalsjef, som ho hadde søkt på.

Dermed vart heile omverda litt betre kjend med ei søkarliste som i stor grad var sladda.

Faktisk sto berre halvparten av søkarane fram med eige namn. Seks av tolv søkarar var anonyme.

– Det er ein tendens til at for mange namn blir unnatekne utan at det er grunnlag for det, seier Sindre Granly Meldalen, jurist i Norsk Presseforbund.

– Lova fungerer ikkje

Det generelle prinsippet i Offentleglova er at det skal vere openheit og mogelegheit for innsyn i det som skjer i forvaltninga.

Likevel er søkarlister gjerne perforert med «namnlause» kandidatar.

– Lova fungerer rett og slett ikkje, seier dagleg leder i den liberale tankesmia Civita, Kristin Clemet til NRK.

I eit blogginnlegg skriv ho at intensjonen bak lova er «sympatisk nok», men at idealet om openheit og innsyn skaper så store praktiske problem at mange arbeidsgivarar «nærast føler seg tvungen til å omgå lova».

Då Nicolai Tangen ville bli sjef for oljefondet, for eksempel, dukka namnet hans opp på søkarlista først tre dagar før det vart kjent at han fekk jobben.

Fleire jussprofessorar meinte at Noregs Bank hadde brote lova.

Og då Nav avertere etter ny direktør, var skattedirektør Hans Christian Holte i praksis den einaste reelle søkaren på lista.

Civita-leder Kristin Clemet på Sagene.

FUNKAR IKKJE: Kristin Clemet meiner idealet om openheit og innsyn skaper så store praktiske problem at mange arbeidsgivarar «nærast føler seg tvungen til å omgå lova».

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Gode ansvarlege leiarar vil ikkje søke

I juni skrev KOM24 at Medietilsynet gjekk glipp av fleire gode kandidatar til kommunikasjonsdirektørstillinga, fordi fleire søkarar frykta eksponeringa.

– Offentlege søkarlister reduserer radikalt moglegheita til å få gode kandidatar. Gode ansvarlege leiarar vil ikkje søke, av omsyn til medarbeidarar og organisasjonen dei leder, har hovudjeger Elin Ørjasæter uttala.

Utgangspunktet den gong var direktørstillinga ved Oslo universitetssjukehus, der fleire kandidatar fortalde at dei «vegra seg mot å søke».

Kristian R. Andersen i rådgivingsselskapet The Governance Group samanfattar dilemmaet slik:

– Openheit er viktig for å sikre ein ryddig rekrutteringsprosess. Samtidig kan openheit føre til at dei beste kandidatane held seg unna.

Nicolai Tangen i en båt strandet på land på Rondane.

TRE DAGAR: Då Nicolai Tangen ville bli sjef for oljefondet, dukka namnet hans opp på søkarlista først tre dagar før det blei gjort kjent at han fekk jobben.

Foto: NRK

– Sanksjonar for grove brot på offentleglova

Ein rapport Perduco har skrive på oppdrag frå KS viser at seks av ti rådmenn i norske kommunar meiner offentleglova må mjukast opp, slik at namn på søkarar i større grad kan haldast vekke frå offentlegheita.

Samstundes sa meir enn halvparten av kommunane at dei «aldri eller sjeldan» kjem ønsket om diskresjon i møte.

Dag Henrik Sandbakken er fagsjef i KS, kommunesektorens organisasjon.

– Generelt er mitt inntrykk at dersom det er heimel for å ta unna søkjarar frå offentlege søkarlister, så vert det overheldt på ein god måte. Eg har ikkje grunnlag for å seie at hemmeleghald er ei tilbakevendande problemstilling.

Meldalen i Norsk Presseforbund meiner det er uheldig når det blir gjort unntak for søkarar utan at det er grunnlag for det, fordi offentlegheita då ikkje får vite om den best kvalifiserte blei tilsett.

– Vi får heller ikkje moglegheit til å debattere om personen faktisk er eigna. Potensielle koplingar eller tidlegare hendingar blir ikkje løfta fram før tilsettinga.

Nav-direktør Hans Christian Holte

EINASTE: Då Nav avertere etter ny direktør var skattedirektør Hans Christian Holte i praksis den einaste reelle søkaren på lista.

Foto: Håvard G. Hagen / NRK

– Flest i privat sektor

Johan Greger Aulstad er professor ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø og har skrive boka «Innsynsrett».

Han viser til at det i hovudsak er to omsyn som kan grunngi at ein søkar får unntak frå å stå på ei offentleg søkarliste:

  • ønsket om å oppnå best mogleg rekruttering til offentlege stillingar
  • omsynet til søkaren sjølv

– For enkelte søkarar, særleg dei som på søknadstidspunktet arbeider i privat sektor, kan det oppstå problem med omsyn til klientar, medarbeidarar og arbeidsgivar dersom det vert allment kjent at vedkommande har søkt ei offentleg stilling, seier Aulstad.

Han legg til:

– Det vil ikkje vere heldig dersom det blir vanleg at meir enn halvparten av søkarane blir unnateke frå den offentlege søkarlista. Kvart enkelt tilfelle må likevel bli vurdert for seg. Det avgjerande er om grunngivinga forvaltninga bruker, er god nok.

Laster Twitter-innhold