Hopp til innhold

Halvegs i november, men snøen let vente på seg

Talet på vinterdagar har minka dei siste 30 åra. Over halvegs i november er det knapt eit snøfnugg å sjå på Vestlandet.

vKEsEP1Sff4

FÆRRE VINTERDAGAR: Talet på vinterdagar har minka dei siste 30 åra. – Eg trur nok ikkje det blir snø på Vestlandet den komande veka, seier statsmeteorolog Ingrid Bentsen.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ein mild vind bles over Vestland når kalenderen passerer halvvegs i november.

Men gatelangs i Førde er det ingen som har hast med traske rundt i snø.

«Digg», «Eg likar ikkje snø», «Den kan godt vente til desember», kjem det frå forbipasserande på spørsmål om dei ikkje saknar snøen.

– Eg trur nok ikkje det blir snø på Vestlandet den komande veka, seier statsmeteorolog Ingrid Bentsen.

Og det same gjeld i store delar av landet.

Unntaket er området rundt Agder og Telemark. Frå Finse og sørover er det venta snø og kanskje til og med skiføre over 200 høgdemeter fortel meteorologen.

– Det kan nok kome 15–20 centimeter enkelte stadar, men det er ikkje snakk om store mengder, seier Bentsen.

Snøkart for 15 november 1982
Snøkart for 15 november 2022

Slik såg snøkartet ut for 15. november 1982 samanlikna med same dato i 2022.

Kjelde: Senorge.no

Må vere lov å gle seg

Trass fleire varslar om flaum og jordskred har det ikkje vore mange snøskredvarsla å sende ut for NVE.

– For oss som er glade i å stå på ski, må det vere lov å gle seg til vinter no, seier Heidi Stranden ved snøskredvarslinga til NVE.

Men for eit friluftsmenneske som Stranden er framtidskarta over snødøgn og snømengder dyster lesing.

– Det er ikkje akkurat slikt vi les i lystige lag, ler ho nervøst.

Endring i snødager

FÆRRE SNØDAGAR: Meteorologane reknar med at det vert færre snødagar dei komande 30 åra.

Foto: Skjermdump: SeNorge.no

Færre vinterdagar

Det har blitt færre vinterdagar dei siste 30 åra. Når meteorologane reknar på vinterdagar, tel dei dagar med middeltemperatur under null grader.

Men etter denne definisjonen har verken Bergen, Stavanger eller Kristiansand nokon vinter i det heile, sjølv om dagane er kalde og nettene lange.

Samstundes har Oslo mista 22 vinterdagar og har gått frå 118 til 96 på 30 år, ifølge Meteorologisk institutt.

Tromsø har mista like mange vinterdagar som hovudstaden og er no nede i 138 vinterdagar.

Grått i hovudstaden

Over helga vil temperaturen senke seg i Oslo-området. I komande veke kan temperaturen krype under frysepunktet.

For det meste er det gråvêr som er venta, og det er lite truleg at det vert skiføre, fortel meteorologen.

– Me kan ikkje utelukke eit og anna snøfnugg for hovudstaden, men det er berre snakk om små mengder.

Sett vekk frå enkelte små byer med nedbør langs kysten, er det venta opphaldsvêr i Nord-Noreg. Årsaka er eit høgtrykk som styrer vêret.

– Det er berre sør i landet me ventar nedbør, seier meteorologen.

YnBFn5yDrMw

I komande veke kan temperaturen krype under frysepunktet i Oslo-området.

Foto: Javad Parsa / Javad Parsa