Hopp til innhold

Halve Europa senkar pumpeprisen, men ikkje Noreg

Ei rekkje europeiske land tek grep for å redusere pumpeprisen. Men ikkje Noreg.

Vedum Grisen sort bil

INGEN ENDRINGAR: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) slo fredag fast at det ikkje ligg an til endringar drivstoffavgiftene.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Knut Arild Nordli eig og driv fleire tungbilskular på Vestlandet. Det betyr at han fyller opp tanken på ein trailer om lag annakvar dag.

I løpet at eitt år vil desse fyllingane koste meir enn éin million kroner i moms og dieselavgifter.

Det er mykje pengar for eit firma med fire tilsette, og ein pengesum han må innstille seg på å halde fram med å betale i tida framover.

Det er klart etter at finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) slår fast at «det ligg ingen endringar drivstoffavgiftene i vårt skatte- og avgiftsopplegg no».

Uttalen kom etter press frå politiske motstandarar så vel som politiske allierte. NRK har tidlegare skrive om fylkestoppar og ordførarar frå Senterpartiet som har etterlyst grep frå «sjefen» for å gjere noko med dei «dramatiske energiprisane».

Knut Arild Nordli

NEI TAKK: – Eg skal ikkje ha noko av staten, men dei skal ikkje ha dobbelt så mykje av oss, seier Knut Arild Nordli som eig og driv fleire tungbilskular på Vestlandet.

Foto: Lars Eie / NRK

Sverige kutta drivstoffavgifta med 1,30 kr per liter

Fleire har også vist til at andre land rundt om i Europa i større grad har «anerkjent dei galopperande drivstoffprisane».

Dei aller fleste landa vi liker å samanlikne oss med har offensive mottiltak for å skåne bilistane, seier Thor Egil Braadland i NAF.

I mai kutta svenske styremakter drivstoffavgifta med 1,30 kroner per liter.

Tidlegare har Danmark, Austerrike, Frankrike, Luxembourg, Italia, Irland, Storbritannia, Polen, Nederland og Spania teke ulike grep for å dempe pumpeprisane.

Sist ute er Tyskland som denne månaden sette ned avgiftene til eit minimumsnivå.

Nordli hadde difor eit håp om at norske styresmakter skulle la seg inspirere av naboane på kontinentet, og kutte i momsen.

– Eg skal ikkje ha noko av staten, men staten skal ikkje ha dobbelt så mykje av oss, seier han.

Geir A. Mo er direktør i Noregs Lastebileier-Forbund.

Vi er ei internasjonal næring, og dersom konkurrentane våre i omkringliggjande land nyt godt av ulike lettar vil dette føre til skeiv konkurranse sidan desse også opererer i den norske marknaden, seier han (sjå faktaboks for utfyllande svar).

Bør nullstille vegbruksavgifta til kollektivtransporten

NHO Transport organiserer norske busselskap, som også kjenner på drivstoffprisane.

Regjeringa burde nullstille vegbruksavgifta til kollektivtransporten inntil drivstoffprisane blir reduserte til tidlegare nivå. Dette har vi teke opp både med statsrådar og storting, seier Jon H. Stordrange, som er administrerande direktør i NHO Transport.

I resonnementet til regjeringa er det budsjettbalansen og faren for overoppheting og (endå) høgare renter som gjer at det ikkje er aktuelt å redusere pumpeprisane.

Fredag presenterte Statistisk sentralbyrå (SSB) tal som viser at prisane i mai var 5,7 prosent høgare enn i fjor. Det er den høgaste prisveksten over tolv månader sidan 1988.

Det er ingen som kjøper noko som helst utan at transport er involvert. Så lågare transportutgifter vil vere eit bra tiltak for å redusere kostnadsutviklinga, seier Tore Wallestad, som er dagleg leiar i Tenden Transport i Stryn i Nordfjord.

Han viser til at deira selskap har vore nøydde til å innføre eit eige «oljetillegg», eit variabelt påslag som kvar veike vert justert etter dieselprisen og som kjem på toppen av den prisen kundane elles må betale.

Vi har ikkje høve til noko anna. Alternativet er permittere tilsette, seier Wallestad.

Geir A Mo, administrerende direktør i NLF

FEIGE LAG: – Dersom konkurrentane våre i omkringliggjande land nyt godt av ulike lettar vil dette føre til skeiv konkurranse, seier Geir A. Mo, direktør i Noregs Lastebileier-Forbund.

Foto: Braata, Espen / Braata, Espen

Statsråden håpar at prisen snart går ned igjen

I regjeringserklæringa – den såkalla Hurdalsplattforma – står det at «regjeringa vil redusere avgifter som rammar folk flest, som til dømes drivstoffavgifter», og i mars varsla Vedum at regjeringa ville «ta grep» dersom prisnivået heldt fram. På det tidspunktet tangerte prisen 26 kroner.

«Eg synest prisane på drivstoff no er høge og forstår at mange håpar at prisen snart går ned igjen», skreiv finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i skriftleg svar til Stortinget sist veke.

I Politisk Kvarter fredag morgon etterlyste leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Erlend Haugen Herstad, «målretta tiltak for tungtransporten og maskinoperatørar som har store tankar å fylle.»

Han uttrykte forståing for at regjeringa «må vurdere dette opp mot renteauke», men la til at målretta grep, som «til dømes gunstige lån», i sum vil vere prisdempande og «gjere noko med inflasjonen».

Forhandlingene om revidert nasjonalbudsjett

REVIDERT: Kari Elisabeth Kaski (SV), Geir Pollestad (Sp) og Eigil Knutsen (Ap) under første møte i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett i statsrådssalen på Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Vil ikkje sitje og gi folk forhåpningar

Senterpartiets nye finanspolitiske talsperson på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), svarte at ideen om lån til transportnæringa var «eit konstruktivt innspel», men at han «ikkje vil ikkje sitje og gi folk forhåpningar.»

Elles lurer vi folk, sa han.

Han erkjende at situasjonen var «ubehageleg» og det er «ei vanskeleg pedagogisk øving» å snakke om dyrtid, «rentespøkjelse» og nøysemd når norsk økonomi går godt.

Det går svært godt i Noreg, og då må vi ta ned pengebruken.

Han la til at det vil koste staten 12 milliardar å kutte drivstoffprisen med 4 kroner, og at den sosiale gevinsten er større ved å kutte i straumprisen enn i drivstoffprisen.