Hopp til innhold

– Utan dei pensjonerte prestane veit eg nesten ikkje korleis vi skulle halde hjula i gang

NORDFJORDEID (NRK): Utan pensjonerte prestar som Olav Sigurd Gundersen (72) ville det vorte vanskeleg for kyrkja i Nordfjord. Rekrutteringsbehovet i Den norske kyrkja er stort, og distrikta slit mest.

Olav Sigurd Gundersen

TRIVST SOM VIKARPREST: Å vere vikarprest i Eid og Nordfjord passar meg ypparleg. Ein skulle kanskje oppfordre fleire pensjonistar til å stå på nokre år ekstra, seier Olav Sigurd Gundersen, som jobbar som vikarprest i Nordfjord.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det er fullt på alle stolar når vikarierande sokneprest for Eid og Stårheim, Olav Sigurd Gundersen, held Olsokgudsteneste i Eid.

Gundersen har vore vikarprest i Nordfjord av og på i fem år. Sidan 2017 har soknepreststillinga han no vikarierer i vore lyst ut sju gonger.

– Det er heilt tydeleg at det er vrient å få prestar. Far min var prest i Innvik i si tid, han blei utnemnt i 1962. I Innvik sokneprestembete var det den gong 21 søkjarar. Det er ein anna situasjon i Eid no, seier han.

14 stillingar utlyste

Gundersen er 72 år og kunne levd eit roleg pensjonstilvær. Men han trivst som vikarprest.

– Utan dei pensjonerte prestane i Nordfjord veit eg nesten ikkje korleis vi skulle halde hjula i gang der, seier Cathrine Waaler Halstensen, personalsjef i Bjørgvin bispedømme.

Behovet for arbeidskraft er stort, og vil bli større i åra som kjem. På landsbasis er berre 16 prosent av prestane under 40 år.

– Bjørgvin bispedømme har ein arbeidsstokk der vi dei neste fem, ti, femten åra mister halvparten, som går av med pensjon. For vår del er det alarmerande tal.

For tida er 14 stillingar lyste ut i Bjørgvin, og fleire skal det bli utover hausten. Det er bruk for både prestar, prostar og kapellanar.

– Det er ei av dei største utlysingane vi har hatt. Vi har merka at det har vorte meir og meir krevjande å få søkjarar til dei ulike stillingane dei siste åra, seier Waaler Halstensen.

Prestemangel i heile landet

Prestemangelen gjer seg gjeldande over heile landet, fortel Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør for kyrkjefag i Kyrkjerådet. Altfor få vel denne yrkesvegen.

– Bjørgvin er ganske representativt. Cirka 30 prosent av prestane er over 60 år. Kvart år er det fleire som pensjonerer seg enn dei som blir vigsla. Vi går i underskot med cirka 35 prestar kvart år, fortel han.

– Det er også utfordringa når det gjeld dei andre profesjonane, som kyrkjemusikar, kateket og diakon.

Tradisjonelt har det vore vanskeleg å få folk til utkantstader, men no gjeld dette også på større stader i Bjørgvin, fortel Waaler Halstensen. Også Kielland peiker på relativt store forskjellar.

– Det er distrikta som rammast hardast av underskotet på prestar. I Nord-Hålogaland og Sør-Hålogaland var det 41 ledige stillingar i fjor, i Oslo er det lang lettare. Men samtidig er også der nedgang i talet søkjarar. Vi ser rekrutteringsutfordringane også i byane.

Meiner fleire burde ta teologisk utdanning

Gundersen trur det at ein kan velje andre vegar inn i presteyrket enn via seksårig teologisk utdanning, er eit problem.

– Kyrkja har ein del av skulda for det. Det å opne for prestar med anna utdanning, svekkjer interessa for teologiutdanninga. Eg trur det har vore ein svekkelse at det går an å kombinere på så mange måtar.

Olav Sigurd Gundersen

FOR FÅ BLIR PRESTAR: Kyrkja håpar fleire unge vil velje å utdanne eg til prest. For Olav Sigurd Gundersen var yrkesvalet i si tid enkelt. – Eg var nok predestinert til å bli prest. Eg trur eg heldt mine første preiker i kjøkenglaset då eg var tre år gammal, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Han meiner dessutan at det å oppheve ordninga med prestebustader kan heve terskelen for å etablere seg på stader der ein ikkje har tilknyting frå før.

Kielland er ikkje samd i at alternative utdanningsvegar svekkjer interessa.

– For unge er det nok ikkje så aktuelt å ta ei anna utdanning, og seinare ta tilleggsutdanning som må til for å bli prest. For dei trur eg teologistudiet som seksårig studie framleis har ein status og at det er noko spennande ved det.

Når det gjeld avviklinga av prestebustadene, seier Kielland han trur kan gi prestane større fridom, men at det er eit tap for Kyrkja.

Betre arbeidsforhold

Det finst lysglimt. I 2018 hadde søkjartala ein oppsving. Arbeidslivet som prest har fått tydelegare og betre rammer, ifølgje Kielland. I 2018 starta Kyrkjerådet eit prosjekt for å styrkje rekrutteringa. Det håpar Kielland dei vil sjå effekten av om nokre år. Både presterolla, kyrkja og samfunnet har endra seg sidan den gong prestane som i dag er i pensjonsalder, utdanna seg, seier han.

– Det mykje som er annleis, men det er spennande å jobbe med kva rolle kyrkja skal ha framover. Eg trur det er noko som triggar mange.

Waaler Halstensen meiner det er viktig å få fram at kyrkja er ein attraktiv og god arbeidsplass for både prostar, prestar, diakonar, organistar.

– Det er sjølvsagt òg viktig å få unge til å søke seg til studium som gir ei stilling i kyrkja. Vi ser at barne- og ungdomsarbeid er porten inn til ei kyrkjeleg stilling for mange. Så å legge til rette for dette, håpar og trur vi er nøkkelen til rekruttering.

Vil halde fram

– Er det noko som gir grunn til optimisme?

– Vi håpar det skal vere denne pendelen som svingar litt. Det er veldig mykje flott barne- og ungdomsarbeid som blir gjort. Kirkerådet lyser ut midlar til rekrutteringstiltak. Det er fokus på dette på alle nivå i kyrkja no, vi er klar over utfordringa og jobbar med det.

Også Kielland er optimist.

– Absolutt. Vi har utruleg spennande utdanningar og stillingar å by på. Ikkje minst er det å ta ei kyrkjeleg utdanning ei sikker utdanning. Du veit du får jobb, seier han.

I Eid vil Olav Sigurd Gundersen uansett halde fram i teneste så lenge det er bruk for han, og helsa er grei.

– For meg er ei glede å gjere tenester her eller andre stader i Nordfjord.