Hopp til innhold

Halv pris for bil på hurtigbåtar

Fylkestinget har vedteke at takstane for transport av bilar på bilførande hurtigbåtar blir prisa likt som ferjer. Det betyr at takstane for bilar blir halverte samanlikna med takstnivået frå 1. januar 2021, opplyser vestland fylkeskommune. Vedtaket føreset at kompensasjon frå staten, og gjeld følgjande samband: Kaupanger kai–Frønningen, Vik–Ortnevik, Ortnevik–Måren–Nordeide, Florabassenget og Eidsvik–Espevær.

Tansøy trafikkerer i dag rute i Florabassenget.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK