Hopp til innhold

Halloween-utkledd utløyste væpna politiaksjon i Bergen

Fleire politipatruljar væpna seg og la av stad mot Håkonsgaten i natt. Ein mann med våpen skapte frykt i sentrum.

Leikevåpena som mannen hadde med seg

LEIKEVÅPEN: Det er ikkje alltid like lett skilja leikevåpen frå ekte våpen. Desse utløyste ein væpna aksjon i Bergen natt til laurdag.

Foto: Politiet

Politiet vart kontakta av folk som ved utestaden «Down Stairs» og Vestre Torggaten rundt klokka 01.30. Årsaka var at ein mann i halloween-kostyme, gjekk rundt med det som såg ut som eit våpen som stakk opp av ein sekk.

Fleire politipatruljar vart sende mot staden. Dei valde å væpna seg.

– Vi fekk kontroll over mannen ganske raskt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Det viste seg at våpenet var ein del av kostymet han hadde teke på seg.

– Fleire av dei som var i nærleiken oppfatta situasjonen som skremmande. Mannen truga ingen med våpenet, men det vart teke ut av sekken, seier Kolltveit.

Brot på våpenlova

Dei som vert melde for brot på våpenlova risikerer bøter mellom 8 og 10.000 kroner.

– Dette er både eit brot på våpenlova, i tillegg til at det er ordensforstyrring. Så han vil verta meld, og han får nok ei stor bot, seier Kolltveit.

Leikevåpen

LEIKEVÅPEN: Er pistolen ekte, eller er det ein leikepistol?

Foto: Politiet

Ordensforstyrring åleine kan gje bøter opp til 5000 kroner. Samla kan den 23 år gamle mannen risikera å få 15.000 kroner i bot for å ha teke leikevåpena med på byen.

Tenk deg om

Det kan vera vanskeleg å skilja leikevåpen frå ekte våpen. Med halloween er like rundt hjørna, ber no politiet folk om å tenkja seg om før dei går ut.

– Ikkje ta med deg ting som ser ut som våpen når du skal ut. Det kan bli dyrt, og det kan føra til farlege situasjonar. Dersom politiet trur det er nokon som går rundt med våpen, så må dei handla deretter, seier politiet.