Hopp til innhold

Halliktiltalt dukkar ikkje opp i retten. No vil Noreg ta saka til Romania

BERGEN TINGRETT (NRK): – Me vil strekka oss langt for å få mannen dømt, seier aktor.

Tiltalte spiller trekkspill

GATEMUSIKANT: Mannen frå Romania var med i NRK-dokumentaren «Lykkelandet», der han blei vist medan han spelte trekkspel med sin son på gata.

Foto: NRK

To rumenske menn på 38 og 41 år står tiltalt for å ha ført opp mot 30 rumenske kvinner ut i prostitusjon. Men for andre gong møtte ikkje den antekne hovudmannen (38) i retten.

Han dukka mellom anna opp i Brennpunkt-dokumentaren Lykkelandet, der han saman med sonen var gatemusikant i tiggarmiljøet i Bergen

I tillegg meiner politiet han dreiv organisert og alvorleg kriminalitet.

Sjølv om mannen ikkje møter opp til rettssak i Noreg gjev ikkje norsk politi opp. No vil politiet vurdera å be rumenske styresmakter føra saka mot mannen.

– Dette er ei sak som typisk ligg til rette for det. Bevisa er i all hovudsak på rumensk og mange av vitna er i Romania, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen i Vest politidistrikt.

Rumenere tiltalt for hallikvirksomhet i Bergen

HALLIKTILTALT: Mannen i midten og mannen til høgre er tiltalt for å ha drive opp mot 30 kvinner til prostitusjon og kravd pengar frå dei. Biletet er tatt i Bergen.

Foto: Privat

Tatt i stor razzia

Politiet starta etterforsking mot prostitusjonsmiljøet i 2014. Året etter gjennomførte politiet ein razzia mot det rumenske miljøet i byen.

Aksjonen knebla det kriminelle miljøet, men eit nytt rumensk nettverk fekk etablera seg. Det nye nettverket blei grundig omtala i NRK Brennpunkt sin dokumentar «Lykkelandet», som blei sendt i april i fjor.

Den tiltalte 41-åringen har koplingar til dette miljøet. Det same har fleire av kvinnene.

Politiadvokat Rudolf Christoffersen

AKTOR: Politiadvokat Rudolf Christoffersen i Vest politidistrikt argumenterte for å føra saka mot den tiltalte 38-åringen, men ei legeerklæring frå sjukehuset gjorde at saka blei utsett.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Nektar å la mannen gå

Hovudmannen møtte heller ikkje i retten i mai 2017.

Denne gongen er årsaka at 38-åringen er innlagd på sjukehus i heimlandet.

Noreg kan normalt ikkje krevja andre land sine borgarar utleverte, då Noreg ikkje er ein del av den europeiske arrestordren.

Difor vil politiet no vurdera å be Statsadvokaten senda saka over til påtalemakta i Romania.

– Me kjem til å strekka oss langt for å få mannen dømd. Dette er godt organisert kriminalitet, utnytting av sårbare menneske og representerer ein form for kriminalitet som me ofte har sett er med å finansiera annan type kriminalitet, blant anna tigging, seier Christoffersen.

Halliktiltalt rumener og sonen

FAR OG SON: Den 38 år gamle rumenaren har publisert fleire bilete i sosiale medium, der han poserer med pengar. Mannen er etterlyst internasjonalt.

Foto: Privat

Vitne lever under politivern

Ifølge tiltalen har mennene organisert og lagt til rette for prostitusjon. Kvinnene skal ha måtta betala 38-åringen 4000 kroner i månaden for å få stå på gata.

41-åringen er tiltalt for å ha medverka til å samla inn pengane. Politiet meiner fleire hundre tusen kroner er sendt ut av landet.

Måndag sette aktor fram dei avsluttande bevisa mot mannen. Mellom anna spora politiet eit telefonnummer brukt på ei eskorte-side for prostituerte til den tiltalte.

Ei av kvinnene vitna førre veke mot 41-åringen. Det er svært uvanleg at kvinner frå rommiljøet vitnar i slike saker.

– Kvinna er utsett for menneskehandel, og er fornærma i ei større menneskehandelssak som framleis er under etterforsking. Ho lever under politivern og i konstant frykt frå miljøet som har tvunge henne til å selja sex, seier bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes.

Prostitusjonsmiljøet i Bergen vår 2017 vs juni 2017

STOR SKILNAD: Det øvste biletet vart teke våren 2017. Det nedste er frå same gatehjørnet i Bergen sentrum, og er teke i juni, etter at Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet» var sendt.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Paradoks å føra sak utan hovudmannen

Politiet har tiltalt dei to etter hallikparagrafen, som har ei strafferamma på inntil fem års fengsel.

Alexander Greaker Rydberg

FORSVAR: Advokat Alexander Rydberg Greaker seier 41-åringen har vedgått å ha samla inn pengar på vegner av den antekne hovudmannen, men skal ikkje ha visst at pengane kom frå prostitusjon.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ifølgje forsvarar Alexander Rydberg Greaker nektar 41-åringen straffskuld. Advokaten bad retten utsetta saka, då bevisbyrda i stor grad retta seg mot den no sjukmelde 38-åringen.

– Det er eit paradoks at den mest sentrale tiltalte ikkje er til stades, seier Greaker, som vil be om full frifinning.

– Me meiner me har nok bevis til å få mannen dømt. Me ville ikkje fremja sak utan, seier aktor Christoffersen.