Hopp til innhold

Hallik-tiltalt møtte ikkje opp: – Dette kom brått på

BERGEN TINGRETT (NRK): Då rettssaka mot to rumenarar skulle starta, fekk aktor den overraskande beskjeden: Den hovudtiltalte er ikkje i Noreg.

Sylvia Myklebust i Bergen tingrett

MÅTTE AVBRYTE: Aktor Sylvia Myklebust hadde ingen tiltalt framfor seg då rettssaka skulle starte i dag. – No ber vi om arrestasjon av han i Tyskland.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Dette kom brått på, og eg fekk vite dette først no. Dette er overraskande, for me fekk lovnad frå forsvarar at han skulle møte i retten, seier aktor og politiadvokat Sylvia Myklebust.

Ho møtte i Bergen tingrett i dag, for å starte den seks dagar lange rettssaka mot to menn frå Romania.

Den hovudtiltalte, ein 37-årig gatemusikant frå Romania, stod tiltalt for å ha pressa prostituerte til å betale han tusenvis av kroner for å selje sex på gata i Bergen.

Men då rettssaka mot han skulle starte klokka 09.30 var han ikkje å sjå.

Forsvarar Ole Petter Grythe-Hoff kunne berre kort opplyse at den tiltalte var i Tyskland, og ikkje hadde vald å møte opp.

– Utover det har eg ingen kommentar, sa Grythe-Hoff, som altså sjølv hadde lova aktor at tiltalte skulle møte opp.

Tiltalte spiller trekkspill

GATEMUSIKANT: Den tiltalte 37-åringen har sagt at han har tent pengar på gata i Bergen. Politiet meiner det stammar frå hallikverksemd med prostituerte.

Foto: NRK

Omtalt i Brennpunkt-dokumentar

37-åringen var ein av dei omtalte i Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet», som sette fokus på organisert kriminalitet i tiggarmiljøet i Bergen.

– Dette kan ha vore i lys av alt det som media omtalte. Dette kompliserer jo saka, og eg har bede om at han blir pågripen. Dermed må vi også be om utlevering frå Tyskland, og det heile kan ta fleire månader, seier Myklebust til NRK.

– Eg vil ikkje fremme saka utan at han er til stades, då er det avgrensa kva eg kan bede om av straff. Straffa kan då berre bli opp til eitt år, fortel ho.

Ein 40 år gamal rumenar står tiltalt som medhjelpar og for mindre alvorlege forhold i den same saka. Han møtte heller ikkje opp, og politiet var på leit etter han for å arrestere han.

Etter blei det opplyst at tiltalte hadde dukka opp utanfor Bergen, men at han trudde rettssaka starta klokka 10.30 – éin time seinare. Rettssaka blei likevel utsett, då hovudtiltalte er i Tyskland.

Ole Petter Grythe-Hoff i tingretten

FORSVARAR: Forsvarar Ole Petter Grythe-Hoff hadde gitt lovnader om at rumenaren skulle møte opp. Det skjedde ikkje.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Sleppt fri frå varetekt

Saka mot dei to rumenarane går tilbake til ein razzia bergenspolitiet gjennomførte i mai 2015. Ni personar vart arresterte i storaksjonen der politiet fant 40 personar buande i same hus i Skuteviken i Bergen.

Den hovudtiltalte 37-åringen vart fengsla etter aksjonen, og sat lenge i varetekt.

Sidan det har han flytta til Tyskland, og ifølgje forsvarar starta eit nytt liv der.

– Å lauslate han skulle vi heilt klart ikkje ha gjort. Det er litt lærdom for framtidige saker for vår del, seier Myklebust til NRK.