Hopp til innhold

Hallén trur FIFA-bråket kan ha påverka vrakinga

Fotballpresident Yngve Hallén blei i dag uventa vraka til idrettsstyret. Han trur bråket i FIFA kan ha øydelagt og ført til at han tapte valet med éi fattig stemme.

Yngve Hallen

NEDERLAG: Yngve Hallén fell akkurat utanfor lista over dei åtte som i dag vart valt inn på idrettstinget.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Hallén var ein av tre kandidatar som ikkje nådde opp blant dei åtte som vart valt inn i styret. Han tapte med éi stemme til sittande idrettsstyremedlem Jorodd Asphjell, som vart fremja som benkeforslag.

På spørsmål om han trur FIFA-bråket har påverka vrakinga, svarar han:

– Eg har fått nokre signal, men det har stort sett vore gjennom media. Det er ingen som har diskutert det direkte utan at vi sjølve har tatt det opp.

Vann med ei stemme

KNAPP MARGIN: Avtroppande idrettspresident Børre Rognlien (til høgre) gratulerer ein jublande Jorodd Asphjell, som vart valt inn i styret med ein margin på éi stemme.

Foto: Norges idrettsforbund

Har hausta mykje kritikk

Det har vore eit turbulent år for fotballpresidenten.

Han har måtta svare på korrupsjonsskuldingar i ei kontroversiell bok, skuldingar Hallén etter kvart valde å trekke for retten. Hallén vart seinare frikjent av sitt eige forbund.

Yngve Hallén var også i hardt vêr i samband med avgangen til den dåverande norske landslagstrenaren Egil «Drillo» Olsen. Olsen meinte han hadde fått sparken, medan fotballpresidenten hadde eit anna syn.

Yngve Hallén på talarstolen under idrettstinget

SKUFFA: Yngve Hallén, her på talarstolen under idrettstinget, er skuffa men fatta etter nederlaget.

Foto: Norges idrettsforbund

Han har òg hausta mykje kritikk i samband med krisa i FIFA og avgangen til presidenten Sepp Blatter.

– Alt som skjer inn mot tinget vil spele inn, også slike saker som har så stor merksemd, så det vil nok ha spelt inn her òg, trur Hallén.

Trekte kandidaturet på førre ting

Fleire av representantane på tinget reagerte med vantru over vrakinga.

– Det er heilt utruleg at presidenten i Norges største særforbund ikkje blir valt når han er villig til å stille. At vi i idretten har råd til det, er forbausande, seier friidrettspresident Svein Arne Hansen til NTB.

På førre idrettsting i 2011 var Hallén ein av fleire som trekte sitt kandidatur i protest på grunn av sterk splid mellom kretsane og forbunda.

Det er ikkje lenge sidan Hallén mislukkast i å bli valt inn i styret til UEFA. Valresultatet i dag er eit nytt prestisjenederlag for den sitjande fotballpresidenten.

– Eg er skuffa. Vi i Norges største særforbund var innstilte på å gå inn og gjere ein jobb, men bortsett frå det, meiner eg vi har fått eit godt idrettsstyre, og eg trur vi kan få eit godt samarbeid, seier Yngve Hallén til NTB.