Hopp til innhold

Kraftig vind stengjer fleire skiheisar

Om du har tenkt deg ut på tur i fjellet laurdag eller søndag, har du kanskje valt deg feil helg. Stormen stengjer fleire skitrekk og skredfaren har auka.

Furedalen stengt på grunn av vind

STENGT: Kraftig vind på toppen gjer at skitrekket i Furedalen på Kvamskogen må stengja trekket. Dei er ikkje dei einaste som har problem med vinden i fylket.

Foto: Furedalen Alpin / Webkamera

– Me ynskjer jo at folk skal kome seg ut på tur. Men akkurat denne helga bør ein passe seg i fjellet, fortel Georg Schaefer, som er leiar for Røde Kors i Hordaland si skredgruppe.

Vestlandet kjem også til å merke dei sterke vindane frå ekstremvêret «Ole», men på fjellet blir det aller verst. Dei fleste fjellovergangane er no stengde, og også skisentera i fylket merkar kraftig vind.

Kraftig vind stengjer skitrekka

Skisenteret i Furedalen på Kvamskogen ser seg nøydd til å stenga heilt laurdag.

– Vi lyt dessverre stenga i dag. Vinden på toppen ligg på rundt 20 m/s og i kasta er den oppe i 28 m/s. Vêrmeldinga tilseier at det skal auke utover dagen, melder skisenteret på sine eigne nettsider.

Også ved dei andre skisentera i fylket er fleire heisar stengt som følgje av den sterke vinden.

  • Eikedalen skisenter har stengt Stolheisen, Tvillingtrekk 1 og 2 og Fjellheisen.
  • Voss Resort melder at det er berre trekka Grebbesbakken og Vetlebakken som vil gå i Bavallen. Stolheisen er stengt.
  • I Myrkdalen blir ikkje stolheisane eller trekka i Vetlebotna opna.
  • Røldal skisenter har stengt Nut og Fjellheisen på grunn av for mykje vind på toppen. Blir vinden verre kan dei på kort varsel stengje fleire heisar. No er også skiheisen Røldal 2 stengt.

Søndag satsar dei alle på at heisane går for fullt.

Betydeleg fare for snøskred

Skredfaren på Vestlandet

FARE: Skredvarslinga på varsom.no melder faregrad 3 (oransje farge) i store delar av Hordaland og Sogn og Fjordane. I Møre og Romsdal er skredfaren enno høgare (faregrad 4 – raud farge).

Foto: Varsom.no / Skjermdump

Og vinden skal altså berre auka på utover dagen. Frå laurdag ettermiddag blir det nordvest til dels liten storm 22 m/s, med vindkast på 25–30 m/s. I fjellområda nordvest full og til dels sterk storm 30 m/s. Deretter skal vinden minka natt til søndag.

Mildare temperaturar gjer at skredfaren i fjellet har auka betydeleg. Schaefer i Røde Kors ber folk vera varsam om dei tenkjer seg ut på tur.

– Med mildare vêr kjem nedbør og snøen blir tyngre. Då aukar skredfaren. Vêr obs om terrenget der du ferdast blir brattare enn 30 grader. Ser du snø som rasar bør du tolka det som eit kraftig faresignal.

Mannskap frå Røde Kors er som vanleg på plass på hyttene sine denne helga, både på Kvamskogen, i Myrkdalen og på Voss.