Hopp til innhold

Halar i land ny kontrakt i tøff marknad

Havyard har fått kontrakt på design og bygging av eit subsea-skip. Kontrakten har ein verdi på 700 millionar kroner.

Havyard 858LWE nytt subseaskip 700 millionar

NY KONTRAKT: Dette subsea-skipet skal gi Havyard 700 millionar kroner.

Foto: Havyard Design AS/GunnarF AS

Som bransjen elles opplever Havyard tøff konkurranse på marknaden grunna situasjonen i oljeindustrien, men trass dette klarar bedrifta seg godt. Nyleg har dei drege i land ei millionkontrakt på design og bygging av eit subsea-skip, går det fram i ei pressemelding.

God ordrebok trass tøffe tider

I tillegg har verftet i Leirvik ei god ordrebok og skal levere 8 skip fram mot sommaren i 2017. Etter å ha levert snurparen «Smaragd» i juli i år skal verftet levere tre isbrytarar, ein brønnbåt, eit forsyningsskip til plattform og eit serviceskip til vindmøller. I tillegg kjem altså den nye storkontrakten.

– Vi har vore gjennom ei tid der kapasiteten vår har vore strekt til det ytste og vi bygde veldig mange prototypar samstundes, seier Lasse Stokkeland, leiar av forretningsområdet Ship Technology i Havyard Group.

– Kan bli meir kostnadseffektive

Stokkeland, som også er ansvarleg for verftet i Leirvik, seier dette førte til at dei ikkje hadde så god kontroll på produksjonen som dei ønskte. Dermed vart resultata svakare enn venta.

– Vi har sett i verk mange tiltak for å styrke prosjektgjennomføringa vår og gjennom resultata ser vi no at vi er tilbake på plan og budsjett. Ordreboka vi har føre oss no har ein betre samansetning av søsterskip og prototypar og er betre tilpassa til totalkapasiteten vår, seier Stokkeland.

Fokuset på verftet framover er å kontinuerleg jobbe med omstilling og effektivisering for å ytterlegare auke konkurransekrafta.

– Vi ser at vi framleis har stort potensial til å bli meir kostnadseffektive, samstundes som vi skal halde oppe krava til kvalitet og leveringspresisjon. På denne måten skal vi sikre lønsam bygging ved verftet vårt i Norge også framover, seier Stokkeland.