Hopp til innhold

Haglar inn med tips om ulovlege morellbuer: – Det er som eit spøkjelse som sel

Rundt omkring i Vestland sprett det opp ulovelege morellbuer, men dei norske morellane er ikkje modne enno.

Ulovlege morellbuer i Hardanger

MYSTISKE BUER: Det har dukka opp fleire morellbuer i Vestland det siste.

Foto: Tale Hauso / NRK

Etter at NRK i går skreiv om dei mystiske morellane som vart selde til fem «ero» ved Furebergsfossen i Kvinnherad, har det hagla inn med tips om fleire liknande «umorellsk åtferd» langs vegane på turiststader på Vestlandet.

– Om det er såpass mange buer som sel, så må politiet på banen, seier fruktbonde Harald Alvavoll, som sjølv produserer morellar.

Han reagerer på det som truleg er ulovlege morellbuer som sel utanlandske morellar langs dei lokale vegane.

Dei som vil selje morellar langs norske fylkesvegar, må nemleg søkje om det.

Det har ikkje dei som står bak disse buene gjort, ifølgje fylkeskommunen.

Harald Alvavoll

SKEPTISK: Harald Alvavoll mistenkjer at morellane er kjøpte rett frå produsent, eller rett og slett i butikken.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Veit ikkje kven som set dei opp

Malin Hylland jobbar i kiosken ved Låtefossen i Ullensvang. Rett over vegen har ei av morellbuene dukka opp.

Ifølgje henne blir dei sett opp og tekne ned utan at dei får det med seg.

– Det er som spøkjelse som sel morellar, seier ho.

Fleire har tipsa NRK:

Moreller Låtefoss

Låtefoss

Morellbu ved kjettingplass Vintertun

Vintertun

moreller flåm

Flåm

Ofte kjem kundar inn og spør om det er morellane deira, om dei kan betale i kiosken, og om det er norsk frukt.

– Dei kjem inn til Hardanger og ser det står frukt langs vegen. Då tenkjer ein jo automatisk at frukta er frå området, så det er jo klart dei blir lurt, seier Alvavoll.

Torsdag måtte eit entreprenørselskap fjerne ei ulovleg salsbu med morellar som stod ved ein utkøyrsel på E16 på Tvinde, skriv Avisa Hordaland.

Les også: Mistenkjer at ulovleg salsbu sel utanlandske morellar som norske

Det som mogelegvis er ulovleg morellsal i Kvinnherad
Det som mogelegvis er ulovleg morellsal i Kvinnherad

Statens vegvesen anslår overfor avisa at det er sett opp mellom fire og seks slike buer mellom Oppheim og Voss.

Turist: – Skuffande

Morellane og annan frukt frå Hardanger er kjende for å halde god kvalitet.

Dei lange sommardagane på Vestlandet gjer at morellane får lys, sol og varme når dei treng det som mest.

Salsbod for moreller

Under den rosa parasollen står to kassar det står «Turkish cherries» på og ein boks ein kan betala både i euro og kroner i.

Foto: Vestland Fylkeskommune

Turist Dalibor Brzobohaty vart både overraska og skuffa over at morellane som stod under den rosa paraplyen truleg ikkje er norske.

– Det er jo derfor vi er i Noreg. Vi vil sjå alt ved landet og smake maten, seier han.

Aina Birgit Myhren er på ferie i Noreg, og synest morellane såg visne og slappe ut.

– Det blir jo litt feil. Eg trudde dei var herifrå. Eg skal ikkje kjøpe, eg ventar heller til dei norske blir modne, seier ho.

Turist Dalibor Brzobohaty

– SKUFFA: Tsjekkiske Dalibor Brzobohaty, blei skuffa då han oppdaga at morellane ikkje var norske.

Foto: NRK Vestland

Fryktar for dei norske morellane

I tillegg til å bruke tid på å stelle trea, har morellbøndene brukt mykje tid på å byggje opp ryktet til morellane frå Hardanger.

Om folk blir lurt er Alvavoll redd ein dårleg smaksopplevinga vil øydeleggje for hardtarbeidande bønder.

– Det går rett og slett på kostnad av dei norske morellane, seier han.

Poliitet varsla

Fungerande politistasjonsleiar Torgeir Fosse i Kvinnherad, har jobba i politiet i 30 år, men kunne i går fortelje til NRK at det er fyrste gongen han har opplevd å bli varsla om mystiske morellar.

Verken politiet på Voss, Vestland fylkeskommune eller Vegvesenet har så langt høyrt om fleire enn eitt tilfelle av ulovlege morellbuar.

– Me gjer ikkje noko utover å registrera, så får me sjå om det kjem fleire opplysningar, seier Fosse.

Ulovlege morellbuer i Hardanger

Dei som vil selje morellar langs norske fylkesvegar, må søkje om det. Det har ikkje dei som står bak disse buene gjort, ifølgje fylkeskommunen.

Foto: Tale Hauso / NRK