Haga med ulovleg brygge

Åslaug Haga har brote strandsonelova i ti år i Stryn. No angrar ho.

Hytta til Åslaug Haga

Her, ved hytta si i Stryn, har Åslaug Haga hatt ei ulovleg brygge ståande i ti år.

Foto: panoramafjord.no

- Om vi ikkje får byggjeløyve på den brygga som er der vil vi definitivt rive den. Det er gale at det ikkje er søkt om byggjeløyve og vi skal rydde opp i dette, seier Sp-leiar og olje- og energiminister Åslaug Haga.

Åslaug Haga
Foto: NRK

Vil byggje ut

Ho og mannen søkte tidlegare i år om løyve til å utvide ei brygge i tilknyting til hytta deira i strandsona i Stryn kommune. Då søknaden hamna på bordet der vart det klart at Haga i ti år har hatt ei ulovleg bryggje. Haga seier ho ikkje har vore klar over at bryggja var sett opp utan løyve.

- Eg må seie som sant er at eg ikkje er klar over at vi ikkje har hatt byggjeløyve. Denne saka har mannen min handtert frå a til å. Men dette er feil og vi har sjølv teke initiativ til å få rydda opp i dette.

Alvorleg, seier kommunen

I følgje VG ser Stryn kommune alvorleg på saka og seier det kan vere aktuelt med sanksjonar i slike saker.

Haga legg seg flat for kritikken.

- Det er eit dårleg signal heilt opplagt. Eg legg meg heilt flat i forhold til at eg ikkje har hatt oversikt over saka. Vi skal rydde opp i dette i forhold til Stryn kommune og dersom vi ikkje får byggjeløyve skal alt rivast.