Hopp til innhold

Haga får bot for ulovleg bryggje

Statsråd Åslaug Haga får løyve til å utvide den ulovlege bryggja på hytta på Hopland i Stryn.

Hytta til Åslaug Haga
Foto: Arne Eithun / NRK

Det har bygningsrådet i Stryn bestemt i ettermiddag

- Men Haga må betale ei bot på 7500 kroner for at ho i si tid sette opp den første bryggja utan løyve, seier leiar i bygningsrådet, Jakob Hammer.

Les også: Haga med ulovleg brygge

Ulovleg i 10 år

Åslaug Haga

Åslaug Haga og mannen sette opp ei ulovleg bryggje.

Foto: NRK

Åslaug Haga og ektemannen Bård Hopland søkte tidlegare i år om å få utvide bryggja som ligg i strandsona ved Hopland i Stryn kommune. Då søknaden kom på bordet vart det klart at den opphavlege bryggja hadde stått ulovleg i strandsona i over ti år.

- Vi legg oss flate, og det er inga orsaking for at ikkje vi har gjort dette rett. Så har vi sjølv teke initiativet til at det skulle ordnast opp i dette. Men det er skilnad på om ein byggjer i indre Oslofjord eller om du byggjer på ein stad der det ikkje er noko press på areala. Men sjølvsagt skal alle reglar følgjast, seier Åslaug Haga.

Les også: Haga får bygge brygge

- Er ingen konflikt

Og no har altså statsråden og mannen hennar fått løyve til å bygge bryggja.

- Vi i bygningrådet har gjort ei vurdering av lokale tilhøve når det gjeld strandlova og allemannsretten, og bygningsrådet ser at det ikkje er nokon konflikt der.

- Alvorleg

Men Hammar seier at det ikkje berre er å byggje utan løyve først og så søkje etterpå.

- Nei, det er det ikkje. Søkjaren får jo ei bot på 7500 kroner for ikkje å ha søkt om å setje opp bryggja.

- Kor alvorleg ser du på denne saka?

- Det som er alvorleg er at det blir bygd først og spurt etterpå. Det er noko vi prøver å reagere på mot alle innbyggarane i Stryn, seier han.

Var ikkje inhabil

Hammer er søskenbarnet til Bård Hopland, ektemannen til Haga. Men han vart ikkje vurdert som inhabil i saka.

- I følgje lovverket er det slektskap i rett oppadstigande og rett nedadgåande linje som gjer ein inhabil. Bygningsrådet er kjent med at eg er søskenbarnet, og det vart også tema før vi starta på saka. Rådet har sagt at eg er habil, og eg er villeg til å ta det ansvar eg er pålagd som leiar, seier Hammer.

Bryggja til Åslaug Haga i Stryn

Bryggja til Åslaug Haga i Stryn.

Foto: Arne Eithun / NRK