Hopp til innhold

HAFS står svakare enn nokon gong

Solund har sagt klart og tydeleg nei til samanslåing, Askvoll ser allereie no ut til å droppe HAFS, og i Hyllestad går signala i alle retningar. Berre i Fjaler var det klart fleirtal for HAFS.

Kart over HAFS

LITE SANNSYNLEG: Denne kommunesamanslåinga kan ein no truleg vinke farvel til.

Det betyr at framtida for ein HAFS-kommune med dei fire opphavelege kommunane kan vere ute av biletet.

– Det er for tidleg å konkludere, men basert på resultata av undersøkingane og folkerøystinga, så står HAFS klart svakare i Askvoll enn i Fjaler. Og Askvoll og Hyllestad må med om vi skal snakke om eit HAFS-alternativ. Det vil vere nyttig for Fjaler no å få ein konklusjon frå Askvoll, seier ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang (V).

Blir for små

Gunhild Berge Stang

TØFFE VAL: Ordførar Gunhild Berge Stang og dei andre politikarane i Fjaler har mykje å gjere.

Foto: Oda Ertesvåg / NRK

Ho trur Fjaler og Hyllestad blir i minste laget.

– Og i alle fall no når naboane ser ut til å finne saman i Sunnfjord, seier Berge Stang.

For akkurat no ser det ut som at Askvoll ikkje går vidare med HAFS-alternativet.

– Eg trur vi kan konkludere med er at det er to alternativ som utkrystalliserer seg. Det er «nei» og liten SiS, og det er truleg dei vi kjem til å arbeide vidare med. Eg trur det vil vere vanskeleg å dra inn igjen HAFS med det resultatet vi fekk, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær (H).

Dermed kan også Fjaler droppe HAFS. Då står dei i tilfelle att med alternativet liten SiS, eller å stå åleine. Då må kommunen vurdere om dei skal ha ei ny innbyggjarundersøking.

– Eg har inntrykk av at ønsket om å stå åleine i utgangspunktet er lite, men det er vanskeleg å vite kva dei som har stemt HAFS ville gjort om dei måtte velje mellom dei to andre alternativa, seier Berge Stang.

Sit på gjerdet

I Hyllestad sit dei no på gjerdet og ventar til dels på kva kommunane rundt gjer.

Morten Askvik

USIKKER: Ordførar i Hyllestad, Morten Askvik.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ordførar Morten Askvik (Sp) vil ikkje automatisk slå frå seg ei samanslåing av Hyllestad og Fjaler, men vedgår at vurderingane rundt dei har stor påverknad på deira eigen veg vidare. Også dei vil truleg diskutere moglegheitene for å hente inn eit nytt råd frå innbyggjarane.

– Eg tek til etterretning det dei seier, men vi må diskutere dette nærare før vi kan konkludere. Det blir viktig å få ei avklaring frå omgjevnadane, så det er greitt å vite kva dei tenkjer i Askvoll og Fjaler.

For Fjaler sin del, som i Askvoll, vil det spele ei rolle om dei fire kommunane i liten SiS vil opne dørene for dei.

– Fjaler kan fort kome til å bli straffa for å stå åleine. Då blir det urimeleg at vi skal bli nekta å kome inn i noko større. Dette må Fylkesmannen ta omsyn til, seier Berge Stang.