Hopp til innhold

Hærverk på hurtigbåten natt til søndag

Nokon har teke seg om bord på hurtigbåten Tyrving og knust ei rute natt til søndag. Båten låg til kai i Sogndal.

tyrving knust vindu

KNUST VINDAUGE: Det var knust eit vindauge då kapteinen kom på båten i dag tidleg. Sidan det ikkje var gjort større skadar vil ruta gå som normalt frå Sogndal til Bergen klokka 15.40 i dag.

Foto: Jan Terje Øksnes / Norled

Politiet ynskjer tips i saka der nokon har brote seg inn på hurtigbåten Tyldring. Båten låg til kai i Sogndal då hærverket skjedde.

– Det har vore folk om bord og knust ei rute og drege ut ein brannslange, fortel Espen Gulliksen ved politiet sin alarmsentral i Florø.

Laster Twitter-innhold

Har video av gjerningsfolka

– Det er klart at det er ubehageleg. Det som møtte meg då eg kom til båten i formiddag var ein stor stein på gangvegen der folk skal gå om bord, og at ruta i døra var knust, fortel kaptein på Tyrving, Jan Terje Øksnes.

På grunn av overvåkningskamera veit dei at det har vore folk om bord på båten mellom to til halv fire i natt.

Kapteinen fortel at det verkar som om dei har prøvd å komme seg inn i fartøyet, men ikkje lukkast.

– Dei har nok ikkje vore heilt klar i toppen. Dei har nok prøvd å komme seg inn, men det verkar som om dei ikkje var dei glupaste i toppen, seier kapteinen om gjerningsfolka.

inmnbrot tyrving

KNUST: Gjerningsfolka hadde ikkje klart å opne døra og komme seg inn på båten.

Foto: Jan Terje Øksnes / Norled

Går som normalt

Det var kapteinen sjølv som oppdaga hærverket då han kom til båten klokka 11.39 i formiddag. Han tok kontakt med reiarlaget og politiet med ein gong.

Mannskapet bur i leilegheiter i Sogndal medan båten ligg til kai, så båten er ubemanna om natta.

– Mannskapet har søkt gjennom heile båten og ikkje funne noko meir skade. Eg er glad det ikkje har gått ut over inventaret, og spesielt sikringsutstyret, seier kapteinen.

Ingenting har blitt stole frå båten. Og sidan sikringsutstyret er på plass, vil ruta vil gå som normalt til Bergen klokka 15.40, fortel kapteinen.

– Eg tykkjer ikkje dette er greitt i det heile. Ikkje berre for reiarlaget sin del, men dette er jo innbyggarane i sokn som skal bruke båten og mange er avhengige av den, seier kaptein Øksnes.

Politiet i Sogndal følgjer opp saka.

Steinen nytta i innbrotet tyrving

STEIN: Ein stor stein var brukt til å knuse vindauget i døra der passasjerane går inn på båten. Du ser steinen ved sida av bossekken.

Foto: Jan Terje Øksnes / Norled