Hopp til innhold

Hadde softgun på skulen

- Det er all grunn til å vere årvaken, seier politiet etter at ein ungdomsskuleelev tok med seg ein softgun på skulen.

Illustrasjonsfoto soft gun.
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Vi fekk melding i går ettermiddag om at ein elev hadde hatt med seg ein softgun på skulen, seier politistasjonssjef i Florø, Nils Erik Eggen.

Eleven ved Florø Ungdomsskule kom til skulen på onsdag og hadde ein såkalla softgun , eit lite luftvåpen som skyt plastkuler, med seg. Denne skal han ha vist fram til kameratane sine, men politiet kjenner ikkje til at det har vorte avfyrt skot.

Truga ingen

- Det har heller ikkje vore framsett trugsmål verbalt eller gjennom trugande åtferd, seier Nils Erik Eggen, politistasjonssjef i Florø.

Dette vekte likevel stor oppstandelse på skulen. Spesielt fordi det skjedde dagen etter skytetragedien på ein skule i Finland, der 11 menneske miste livet.

- Det kunne me godt vore forutan. Eg forstår godt at skulen er på tå hev etter ein så dramatisk episode som den me såg i Finland. Det er all grunn til å vere ekstra årvakne både for skulen og for politiet, seier Eggen.

18-årsgrense

Politiet og skulen vil no ha eit møte der dei diskuterer korleis slike tilfelle skal handterast.

- Skulen har ynskt å snakke med oss om dette, og det vil vi sjølvsagt imøtekome. Vi skal ha eit møte med skulen i løpet av dagen, seier Eggen.

Kva som skjer med eleven vil ikkje politiet seie noko om enno. Ein softgun er ikkje definert som eit våpen i lovverket, men det er likevel 18-årsgrense for å nytte ein slik ein.