Rekordmange stormar i Atlanterhavet – hadde ikkje nok namn til dei

I år er det sett nye rekord på namngitte stormar i Atlanterhavet. Heile 29 stormar har det vore denne sesongen.

Rekordmange stormar i Atlanterhavet

STORMREKORD: I 2020-sesongen er det sett ny rekord for talet på namngitte stormar. Biletet viser kor stormane har bevegd seg.

Foto: Meteorologisk instutt

– Ein har rett og slett måtta ta i bruk det greske alfabetet for å få gitt namn til alle saman, seier statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt, Martin Granerød.

Desse stormane blir forma utanfor vestkysten av Afrika. Deretter beveger dei seg over Atlanterhavet og som regel mot det karibiske hav eller Nord-Amerika. Stormane får namn når dei kjem opp i 32 m/s. Då er dei ein tropisk orkan i kategori 1.

Totalt har dei måtta namngi 29 slike stormar. Det er rekord.

– Meteorologane har ei liste med namn dei skal halda seg til i løpet av sesongen. I år så har det altså vore éi liste dei har brukt, og dei har rett og slett gått tomt for namn. Då må dei byrja på back up-lista, som er det greske alfabetet.

Kan føra til mykje nedbør

Sesongen for tropiske stormar er frå juni og til ut i november.

– Vi kan framleis sjå at det kjem ein storm til før november er over. Men per no ligg vi på 29 stormar. Dette er noko det nasjonale orkansenteret i USA held tak i.

Meteorolog Martin Granerød

Statsmeteorolog: Martin Granerød ved Meteorologisk institutt.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Han fortel at typisk for desse stormane er at dei dreier seg nordover.

– Etter kvart går dei austover igjen og vidare mot Europa og Skandinavia. Nokre gonger får vi restar av desse stormane i våre område.

Stort sett held dei seg eit godt stykke unna og døyr ut før dei kjem til våre område, men av og til hender det at restane av desse stormane held seg i live over heile Atlanterhavet.

– Det kan føra til eit lågtrykk med ekstra mykje nedbør, slik ein til dømes såg då Hatlestad terrasse raste i Bergen for ein god del år sidan. I år sørgja restar av orkanen Epsilon for uvêr her til lands i slutten av oktober.

Skal forskast på

Granerød seier det er vanskeleg å seia kva årsaka til dei rekordmange stormane er.

– I år er det La Niña, og det betyr uvanleg låg havtemperatur i det austlege og sentrale Stillehavet. La Niña påverkar vêret på store delar av jorda, men om det påverkar talet på stormar i Atlanterhavet er vanskeleg å seia, og opp til forskarane å avgjera. La Niña er det motsette av El Niño som førekjem når temperaturen i det sentrale og austlege Stillehavet er uvanleg høg.

Om det blir rekordsesong også neste år, kan han ikkje svara på no.

– No er det slik at La Niña gir seg i løpet av ein sesongen så om det er noko samanheng mellom det og tropiske stormar, går vi nok mot ein sesong med færre neste år.