Hopp til innhold

Glasbit på reise i låret i åtte år

For åtte år sidan gjekk Ingri Malene Ervik Erdal (25) på ei glasdør. For tre veker sidan opererte ho ut ein glasbit frå låret.

Galsbit Ingri Malene Ervik Erdal

SPESIELL OPPLEVING: Ingri Malene Ervik Erdal hadde ein glasbit i foten i åtte år.

Foto: Privat/Beate Nyhammer

Glasbiten på nesten 3 centimeter vandra over 10 centimeter oppover låret til 25- åringen og kom ut etter åtte år. Det skriv avisa Firda i dag.

– Eg gjekk på ei knust glasdør. Heile ruta var vekke bortsett frå ein liten bit i knehøgd heilt nedst som eg ikkje såg. Den gjekk eg rett på, fortel volleyballjenta frå Naustdal, Ingri Malene Ervik Erdal til nrk.no.

Dette skjedde for åtte år sidan. Ho begynte å blø og vart køyrt på legevakta av ein kamerat. Der sydde dei att såret i kneet med to sting og ho kunne gå heim.

Hoven og blå

Etter det har ho ikkje tenkt noko særleg over krasjet med døra, men i mars i år begynte ho å kjenne noko i låret.

– Eg trudde eg hadde fått ein muskelstrekk i låret og var litt hoven og blå der. Sidan tenkte eg ikkje noko meir over det enn å ta det litt meir roleg på trening, seier ho.

Sjølv om Ingri Malene tok det med ro, forsvann aldri muskelstrekken i låret. Ho gjekk då til fysioterapeutar og bad dei sjå på ho.

– Dei masserte og trudde det var arrvev etter strekken, andre trudde det var muskelknutar, fortel ho.

Tre cm lang

I august oppsøkte ho lege etter å ha hatt vondt heile sommaren. Volleyballspelaren spelte EM-kamp i Spania for studentar i sommar og då vart det verre.

– Legen trudde det var ein muskelkul, og eg fekk då ein time for å ta CT av låret.

Det vår då dei oppdaga ein framand gjenstand i låret til Ingri Malene.

– På bilete var det nesten tre centimeter langt og 0,7 centimeter i bredde, fortel volleyballspelaren.

– Eg skjønte ikkje kva det kunne vere. Det einaste som slo meg var at det kunne vere frå den glasdøra, men det var så lenge sidan at det var heilt utenkeleg, seier ho.

– Heilt spesielt

Etter fleire testar, røntgen og MR, kunne dei operere ho, og for tre veker sidan fekk ho glasbiten ut av foten.

– Eg tenkte at dette var ganske sjukt og sendte bilete til familien. Det var heilt spesielt at den var såpass lang og spiss og vore i kroppen utan å gjere noko skade. Det er heilt utruleg.

Etter åtte år på reise i foten til Ingri Malene er glasbiten frå glasdøra ute av kroppen.

– No er eg betre og musklane fine, seier den nyopererte jenta.