Hopp til innhold

Hadde frontruta så full av bombrikker at han nesten køyrde på kontrollørane

Då kontrollørane frå Vegvesenet prøvde å vinka lastebilsjåføren inn til kontroll, såg han dei ikkje. No har mannen fått køyreforbod.

Trailer med bombrikker i frontruta

TOK DET NED: Lastebilsjåføren tok ned dei sju bombrikkene, GPSen, flagget og namneskiltet før han fekk køyra vidare.

Foto: Terje Bødtker / Statens Vegvesen

– Det er ekstremt trafikkfarleg. Han har nesten ikkje sikt framover, og ser ingenting fem meter framfor bilen, seier Terje Bødtker.

Fredag var han på jobb som kontrollør i Statens vegvesen. Då oppdaga han lastebilen som hadde frontruta full i bombrikker.

På Os sør for Bergen vinka han sjåføren inn til kontroll. Men sjåføren såg han ikkje, og stogga difor ikkje.

– Hadde eg stått der eg stod, kunne eg blitt påkøyrt, seier Bødtker.

Køyreforbod, men ingen bot

Vegvesenet måtte be politiet om hjelp for å få stoppa lastebilsjåføren.

I frontruta fann dei ikkje mindre enn sju bombrikker, ein GPS-skjerm, eit flagg og eit namneskilt.

– Me slår hardt ned på slike ting. Me gav han nokre reprimandar, seier Bødkter.

Lastebilsjåføren hadde kome frå Tyrkia, og skulle til Bergen med varer. Det var fyrste gong han hadde køyrd til Noreg

Til kontrollørane forklarte han at han hadde køyrd rundt slik i lang tid, og at han ikkje kjende dei norske reglane.

Fyrste gongen ein blir teken med for mykje ting i frontruta, får ein åtvaring og køyreforbod fram til ein har fjerna det. Det same skjer andre gongen.

Fyrst tredje gongen ein blir oppdaga med for full frontrute, får ein ei bot på 8000 kroner.

– Det var mykje lim i frontruta. Han måtte bruka kniv og stod der ei stund før han fekk fjerna det og kunne køyra vidare, seier Bødtker.

Terje Bødtker

FLYTTA SEG: Terje Bødtker måtte flytta seg då han oppdaga eit vogntog med frontruta full i bombrikker fredag.

Foto: PRIVAT

– Ein del av kvardagen

Det er likevel ikkje det verste Bødkter og kollegaane hans i uteseksjonen har sett.

Bødtker anslår at dei ser lastebilar med frontrutene fulle i «duppedittar og dekorasjonar» minst ein gong i månaden.

Korleis opplevde du at han kunne køyrd på deg?

– Det er ein del av kvardagen. Ein må alltid det bakhovudet og vera sikker på at ein har mogelegheit til å trekkja seg tilbake, seier Bødtker.