Gyrokampen har kosta 670 mill.

Kampen mot lakseparasitten gyrodactylus salaris har til no kosta 670 millionar kroner, og no skal det brukast endå meir. Heilt bortkasta, meiner Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet.

Lærdalselvi ved Ljøsne

Lærdalselvi. Her er det brukt 90 millionar kroner mot gyro.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bergens Tidende skriv at berre i Lærdalselvi er det brukt 90 millionar kroner frå 2005 til i dag. Rotenon, svovelsyre og aluminiumsulfat er pumpa ut i elva. Likevel har dei ikkje greidd å ta knekken på parasitten.

Men no har prosjektleiar Atle Hindar i Norsk Institutt for vassforsking (NIVA) god tru på at dei skal greie det.

Den optimismen deler ikkje Kurt Oddekalv. Han meiner dei i staden øydelegg elva.

– Dei kjem aldri til å lukkast. Vi har truleg harr gyro i norske lakseelvar i 1000 år. Vi bør heller byggje eit klekkeri og avle på laks som toler gyro. For fisken utviklar resistens. Det finst ikkje eitt einaste døme på at gyro har utrydde norske laksestammar.