Hopp til innhold

Gut funnen omkommen etter leiteaksjon i Stryn

Ein gut er funnen død etter å ha vore sakna sidan natt til søndag. Politiet kallar dødsfallet mistenkeleg og startar etterforsking.

Leiteaksjon i Stryn Sentrum

Guten var sakna frå natt til søndag.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Ein 17 år gamal gut blei funnen død i nærleiken av Stryn sentrum rundt klokka 20.30 søndag kveld.

Guten blei meldt sakna av kameratane sine etter å ha vore på Motorsportfestivalen i Stryn. Han var sist sett i Stryn sentrum natt til søndag.

Guten skal ha vore tilreisande frå Møre og Romsdal, opplyser politioverbetjent Vidar Stavik.

Den sakna blei funnen i sjøen utanfor riksveg 15 i Stryn, om lag fem meter frå land, ikkje langt unna festivalområdet.

– Vi veit ikkje omstenda for at han hamna i sjøen, seier Stavik.

Politiet jobbar no med å finne ut kven som såg guten sist og kartlegge bevegelsane hans.

Dødsfallet er kategorisert som mistenkeleg, men det er ikkje mistanke om noko kriminelt, skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Det er ikkje komme opplysningar om at den sakna har vore utsett for noko kriminelt. Politiet har likevel starta etterforsking på staden og held så langt alle moglegheiter opne, står det vidare i pressemeldinga.

Leiteaksjon i Stryn

Mykje frivillig mannskap blei sendt ut for å leite etter guten.

Foto: Tipsar

Pårørande er varsla om hendinga. Det same er nokre av vennane til guten som framleis var i Stryn då han blei funnen.

Det er bestemt at guten skal bli obdusert, og gravferdsbyrået er rekvirert.

Kriseteam i Stryn kommune er kontakta og etablert.

Det er djupt tragisk når dei tinga ein håper ikkje skjer, likevel skjer, seier ordførar i Stryn kommune Per Kjøllesdal.

Frivillige mannskap frå Raude Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp blei kalla ut for å leite etter guten. Mannskap frå lokalt brannvesen leitte i nokre elver rundt sentrumsområdet i Stryn.

Guten var sist sett i Stryn sentrum.