Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad (17) funnen død i Stryn
Det var den 17 år gamle Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad frå Ålesund som vart funnen omkommen i Stryn søndag 4. juni.
Det skriv politiet i ei pressemelding.
Sakna-meldinga om 17-åringen førte til ein større leiteaksjon i Stryn søndag.
– Pårørande ønsker å takke dei som var med og leita: Kameratane, dei frivillige frå Stryn motorfestival som var med i ein heilt tidleg fase, brannvesenet, Røde Kors og politiet og andre frivillige, står det i pressemeldinga.