– Det er i Rogaland, Hordaland og Sogn dei kraftigaste vindkasta er venta, seier meteorolog Magni Svanevik.
Det er venta kraftig vind frå sør, og i morgon føremiddag kan vindstyrken bli mellom 25 og 33 meter i sekundet i kasta i Hordaland og Sogn og Fjordane.
– Det er eit lågtrykk som kjem opp frå sør gjennom Nordsjøen, og inn til Vestlandet torsdag føremiddag, seier Svanevik.
– Det er uvisse rundt plasseringa på lågtrykket, så vi følger med på utviklinga om det blir endringar i plassering og styrke på vindkasta, legg meteorologen til.
Følg med på vêrmeldinga
Lause gjenstandar kan blåse vekk og det kan bli kansellerte avgangar for ferje, fly eller annan transport, melder Meteorologisk institutt. Det er også venta kraftig vind og vindkast på Austlandet, Agder og Austafjells.
– Der får dei også kraftige vindkast, seier Svanevik.
– Ein bør passa på at ein ikkje har trampolinar ståande ute. Skal ein ut og reise kan det vere greitt å følge med på vêrmeldinga, og kanskje berekne litt ekstra tid til transport, seier ho.
Det ligg an til ein skikkeleg ruskete haustdag der det også blir mykje regn og utrygt for torevêr.
– Det er kanskje greitt å halde seg inne, det blir ikkje særleg vêr å vere ute i, seier Svanevik.
RUSKEVÊR: Kraftig vind, nedbør og utrygt for torevêr er meldinga for torsdag, fortel statsmeteorolog Magni Svanevik.
Foto: PrivatPolitiet åtvarar
Vest politidistrikt har via twitterkontoen sin åtvara folk om å ta turen på fjellet eller ut i båt i morgon.
– Det er all grunn til å oppmode om å sikre eller fjerne lause gjenstandar, skriv politiet på Twitter, og ber folk følgje med på vêrmeldinga.
Seint torsdag kveld roar vêret seg, fortel meteorologen.
– Då dreier vinden på sørvest og vest og vil gradvis minke. Sjølv om det framleis bles godt, er det ikkje like kraftig som på torsdag. Det roar seg inn mot fredagen, seier Svanevik.