Statssekretær Just Hjalmar Johansen meiner nemleg at dei kommunale tenestene er ein skjør grunnmur å bygge Noreg vidare på. Brosvik meiner utspelet er reinspikka høgrepolitikk.
- Treng eit samspel
- Skal privat næringsliv kunne vekse, må det vere i eit samspel med offentlege tenester. For arbeidstakarane har born som skal ha barnehage og skule, og eldre som treng omsorgstenester, seier Brosvik. Skal det offentlege trekkje seg ut av utkantane, skrur ein opp farten på sentraliseringa, meiner ho.