Hopp til innhold

Guillaume «flykta» frå varmen på kontinentet

Fleire somrar med ubehageleg varme førte til at Guillaume tok steget og flytta nordover frå Brussel til Bergen. Dette kjem det til å bli meir av, seier forskar.

Guillaume Lapeyre

REGNBYEN BERGEN: Guillaume har fått god nytte av regnjakka, etter at han kom til Bergen.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Guillaume Lapeyre frå Toulouse i Sør-Frankrike har allereie ei internasjonal yrkeskarriere bak seg. Dei siste åra har han jobba for Europakommisjonen i Brussel, og tidlegare ved det franske utanriksdepartementet.

Då det dukka opp ei stilling ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen i fjor, tok det likevel ikkje lang tid før han takka ja.

Fleire somrar med varmebølger og temperaturar godt over 30 grader gjorde at han og sambuaren bestemte seg å flytte nordover.

– Eg likar ikkje når det blir for varmt, seier han tørt.

Så langt har han det heilt topp i Bergen, der han aldri klagar på kjølig ver og store mengder regn gjennom sommaren.

Guillaume Lapeyre i leiligheita

LIKAR REGN: Guillaume likar betre regn i Bergen enn steikande sol i Brussel.

Foto: Privat

Han hugsar med gru varmebølga som tok mange liv i Europa i 2003, der han oppheldt seg i Frankrike og vart «fysisk dårleg».

Etter 2015 merka han eit skifte. Han opplevde at dei varme dagane kom hyppigare, med temperaturar på opp mot 40 grader.

Denne sommaren har vore ekstrem, med elvar som tørkar inn og skogbrannar som råkar store område på kontinentet.

Foreldra hans, som bur i Frankrike, går knapt ut på grunn av varmen. I sommar har dei skalka lukene og halde seg innandørs.

Valet om å flytte tok han etter at han studerte klimamodellar for dei neste åra. Dei viser at nordiske land – som forventa – får færre varmebølgjer enn land lenger sør i Europa.

Guillaume Lapeyre

TURGÅAR: Guillaume likar sommartemperaturane i Noreg så godt at han oppheld seg meir utandørs no enn han gjorde før.

Foto: Privat

Trur fleire vil kome

Klimaforskar og professor Helge Drange ved Universitetet i Bergen er ikkje overraska over historia til Guillaume. Han har kollegaer som har gjort det same, det vil seie flytte frå land sør i Europa til Bergen på grunn av varmen.

– Eg har også forskarkollegaer som har flytta frå Sør-Europa til Island av liknande årsak.

Han trur dette er starten på ei utvikling som kjem til å forsterke seg dei neste åra.

– Å leve med hetebølger og tørke over tid er anstrengande, rett og slett. Det er nok forlokkande for ein heil del å unngå varmen sommarstid.

tmKEpZtTD3Q

LOIRE. FRANKRIKE: Tørken i Europa fører til tørre elvar utan vatn.

Foto: STEPHANE MAHE / Reuters

Han meiner ulempa med nedbør i Bergen er langt mindre enn langvarig tørke.

I land som Italia og Polen meiner rundt halvparten av innbyggarane at klimaendringar er skadeleg for heimlandet deira – i dag. Medan i Noreg er det tilsvarande talet 27 prosent.

– Dette er ikkje den første sommaren på den ekstreme sida i delar av Europa, med høg temperatur og utstrekt tørke. Dette er alvorleg, og diverre berre byrjinga på ei utvikling.

Helge Drange, Universitetet i Bergen

VENTAR FLEIRE: Klimaforskar Helge Drange trur fleire kjem til å flytte til Noreg dei neste åra på grunn av klima.

Foto: Kim E. Andreassen / På Høyden, UiB

Ifølge ein rapport frå Verdsbanken kan 100-140 millionar menneske bli interne klimadrivne migrantar innan 2050. Talet er basert på et scenario med svak økonomisk utvikling og høg oppvarming.

Halvøya Sirmione i Gardasjøen

LÅG VASSTAND: Halvøya Sirmione i Gardasjøen er omringa av bleika stein som normalt ligg under vatn.

Foto: Antonio Calanni / AP

Usikre modellar

Men korleis dette vil slå ut i Noreg er meir usikkert.

I mange år har det vore meir innvandring til Noreg enn utvandring, der arbeid er den viktigaste årsaka til at folk flyttar på seg.

I dag gir ikkje klima grunnlag for asyl, eit spørsmål som det har vore politisk diskusjon rundt dei siste åra.

Forskar Marianne Tønnessen ved Norsk institutt for by- og regionforsking, Oslo Met, såg i 2014 nærare på om klimaendringar vil føre til auka innvandring. Konklusjonen var at det er vanskeleg å lage tydelege modellar.

– Det å talfeste kor mange ekstra innvandrarar til Noreg klimaendringar vil bety, er frykteleg vanskeleg, seier ho.

Marianne Tønnesen - OsloMet

VANSKELEG Å TALFESTE: Forskar Marianne Tønnesen seier det er krevjande å talfeste kor mange som kjem til å flytte på grunn av klimaendringar.

Foto: Studio Vest AS

Ho viser til at for dei som flyttar er avgjerda ofte ei blanding av mange omsyn, der klima kan vere ein av mange faktorar. Jobb og familie er andre årsaker som slår tungt inn.

Men, ho legg til:

– Dersom det blir vanskeleg å bu på enkelte område på grunn av klimaendringar, så vil det vere eit klart insentiv for å flytte derfrå.