Hopp til innhold

Her vil Narinder ha gudshus for sikhane, men sjeldne elvemuslingar står i vegen

HAUKÅS (NRK): Sikhane vil bruka einebustaden som gudshus, men kommunen seier nei. Dei fryktar bilkøyring til religiøse møter vil gå utover ein utryddingstruga dyreart.

Narinder Singh Virdee, styreleiar i foreininga Bergen Singh Sabha Gurdwara

BEKKEN STOPPAR GUDSHUS: Narinder Singh Virdee, styreleiar i foreininga Bergen Singh Sabha Gurdwara, på brua til huset sikhane vil ha som gudshus. I bekken under han er det freda elvemuslingar.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Der kjem det ein lastebil. Det er trafikk her heile tida.

Det seier Narinder Singh Virdee, styreleiar i foreininga Bergen Singh Sabha Gurdwara.

Tungtrafikk køyrer stadig over brua ved ein bekk på Haukås i Åsane i Bergen.

Eit steinkast unna står Virdee ved einebustaden trussamfunnet kjøpte i 2018. Her ønskjer dei å etablere sitt gudshus, ein gurdwara.

Men det er ikkje berre å ta huset i bruk som forsamlingslokale. Sånt må ein søke om bruksendring for.

Utfordringa er at det er eit mellombels forbod mot tiltak og bygging i området. Dette for å verne om dei utryddingstruga elvemuslingane som lever i vassdraget like ved.

Elvemusling, Foss-Eikeland Figgjoelva

TRUA ART: Elvemuslingane kan bli rundt 250 år gamle og kan lage perler.

Foto: Bjørn Meidell-Larsen

Har søkt unntak – har førebels fått nei

For å få bruksendring frå einebustad til forsamlingslokale, har sikhane søkt kommunen om unntak frå forbodet. På sikt ønskjer dei også å få seg større plass til parkering.

– Det er ikkje så mange bilar vi har, berre rundt 20-25, og det er stort sett elbilar. Gudstenesta skal vere ein gong i månaden, så det er ikkje så mykje trafikk, forsikrar Virdee.

Men både byrådet, Statens vegvesen og fagetatane seier nei til noko unntak. Kommunen har i fleire år jobba for å verne om muslingane.

– Det er utruleg viktig for byrådet å vareta det biologiske mangfaldet og elvemuslingane i vassdraget, seier Thor Haakon Bakke (MDG), byråd for miljø og byutvikling.

Tungtrafikk

TUNGTRAFIKK: Stadig køyrer lastebilar, bussar og varebilar over bekken, eit steinkast unna den private vegen og brua til sikhane.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Noreg har eit internasjonalt ansvar

Bakke meiner at fleire partiklar frå vegen og ned i vassdraget kan gjere situasjonen verre for ein allereie kritisk bestand.

– Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på denne arten. Ein fjerdedel av elvemuslingane i Europa er i dag i Noreg. Dette er ein fantastisk skapning som kan filtrere 50 liter vatn i døgnet, seier han.

– Men kva med all tungtrafikken som køyrer her frå før? Vil det utgjere så mykje meir belastning om sikhane kjem ein gong i månaden?

– All ekstra belastning vil jo vere meir belastning for muslingsbestanden. Ein kan meine mykje om at det allereie er aktivitet i området, men byrådet er tydelege på eit nei.

Sikhenes gurdwara

ROM FOR GUDSTENESTE: Det er god plass inne i einebustaden som sikhane no søker bruksendring for.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Høgre og Raudt til unnsetning

Framleis kan det bli ein lukkeleg slutt for både sikhar og elvemuslingar.

Torsdag skal saka opp i utval for miljø og byutvikling i bystyret i Bergen.

Sosialistisk Venstreparti har bestemt seg for å vere samd med byrådet. Ap er førebels usikker, mens Høgre, Raudt og dei to uavhengige vil legge fram eit forslag om å gjere unntak for sikhane.

Dei stiller eitt vilkår for bruksendringa: at det ikkje blir etablert parkeringsplassar på eigedomen.

I dag har sikhane ein avtale om å parkere på eigedomen til byggvarekjeda Montér Åsane. For at vilkåret skal bli oppfylt må dei skaffe ein skriftleg avtale om dette, krev partia.

– På den måten kan sikhane bruke lokalet utan at det vil gå utover elvemuslingane, seier Charlotte Spurkeland (H).

Charlotte Spurkeland (H)

VIL GI UNNTAK: Charlotte Spurkeland (H) har fått med seg Raudt og to uavhengige på å hjelpe sikhane.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK