Formann i grendalaget, Arild Yndestad, er oppgitt. Det er ikkje meir enn eit knapt halvår sidan Guddalen fekk mobildekning, og det vert problematisk at dekninga uteblir når ein har byrja å venne seg til til å ha mobil, seier han.
Håpar på dekning før helga
Fleire i grenda har ringt til Telenor for å få løyst problemet. Yndestad håpar å få mobilen friskmeldt til helga, men han er budd på å måtte klare seg utan ei tid til..
Utskifting av antenne
Telenor trur vanskane skuldast utskifting av ei antenne i området tidlegare denne veka. Dei arbeider no for å løyse problemet.