Hopp til innhold

Gruppevaldtektssaken i Bergen: Aktor meiner eit år fengsel er rett straff for sex med 15-åring

Aktor meiner eit år i fengsel er rett straff for dei tre mennene som i Hordaland tingrett står tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med barn under 16 år.

Tiltalen er ein del av den mykje omtala gruppevaldtektssaka i Bergen, der totalt fem menn står tiltalt for tre ulike seksuallovbrot.

Éin av dei tre mennene er også tiltalt for grov valdtekt av ei kvinne saman med to andre menn.

På fredag sa aktor at ho meinte fem år var rett straff for tiltalen som gjeld grov valdtekt. I dag presiserte ho at mannen bør dømmast til fem og eit halvt års fengsel for begge tiltalepunkta.