Hopp til innhold

Gruppevaldtektsaka i Bergen: Plakatar med namn på dei tiltalte hengt opp i byen

Namna på dei fem tiltalte mennene har igjen blitt spreidd. – Me er allereie dømd i mange sine auge, seier tiltalt.

Plakat av navn på de overgrepstiltalte i Hordaland tingrett hengt opp i Bergen

Denne plakaten vart funnen heng opp tysdag.

Foto: Privat

Denne plakaten vart funnen heng opp tysdag.

Foto: Privat

Spreiing av namn på dei tiltalte blei igjen tema under rettssakas sjuande dag i Hordaland tingrett.

Saka, der fem menn står tiltalt for ulike brot på seksuallova, har fått mykje merksemd dei siste vekene.

Tidlegare har tilhøyrarar i rettssalen spreidd namn og bilete av dei tiltalte på sosiale medium.

No har også plakatar med namn og adresse på dei tiltalte blitt observert i og utanfor Bergen.

Plakat av navn på de overgrepstiltalte i Hordaland tingrett hengt opp i Bergen

Bilete av plakatane blei også spreidd på Snapchat, ifølge forsvarar Jacobsen.

Foto: Privat

«Heng dei ut»

Det var forsvararen til ein av dei tiltalte, Maria Hessen Jacobsen, som fortalde om plakatane då rettssaka starta onsdag.

– Det er ein pågåande rettssak her inne i rettssalen, men også der ute. Eg kan ikkje gjere noko med det, men det påverkar sjølvsagt rettssaka, seier Jacobsen.

Ho er usikker om det finst fleire plakatar enn dei to dei har fått tilsendt bilete av.

På plakatane står det, i tillegg til namn og adressa, oppmodingar til å henge dei tiltalte ut og «få dei til så sjå seg over skuldra resten av livet!!!».

Dei tiltalte skal no melda plakatane til politiet.

Gruppevoldtekt Bergen - Advokat John Christian Elden og advokat Maria Hessen Jakobsen. Forsvarere i Hordaland tingrett.

Maria Hessen Jacobsen og John Christian Elden er to av totalt fem forsvarar for dei fem tiltalte mennene.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Tiltalte: Føler seg allereie dømd

Ein av dei fem tiltalte seier til NRK at det er vanskeleg å sjå at namnet hans blir sprett på sosiale medium og på plakatar i byen.

– Det er kjipt. Det verkar som folk ikkje skjønnar forskjellen på tiltalt og dømd. Me er allereie dømd i mange sine auge, seier han.

Det er også blitt spreidd ein video der ein av dei tiltalte blir snakka til i ein butikk.

Under forklaringa fortalde ein tredje tiltalt at han er redd for å gå ut og derfor held seg heime.

Les også: Alvorlig voldtektssak rullet opp: Mener ung kvinne ble lurt inn på rom og bundet fast

Bilde av hvitt belte som ligger på en pult
Bilde av hvitt belte som ligger på en pult

La ut TikTok om sex med 16-åringar

Tre av dei totalt fem mennene står tiltalt for seksuell omgang med ei mindreårig jente. Dei fire skal ha hatt gruppesex då jenta var 15.

Det var denne tiltalen som var tema under rettsaken i dag.

Under forklaringa til ein av dei tiltalte vart sosiale medium og videoar på TikTok og Snapchat tatt opp.

Aktor, Benedicte Hordnes, viste fram videoar frå tiltalte sin eigen TikTok-konto, der han tullar med å ha sex med 16-åringar.

– Tar du det at du er tiltalt for å ha sex med mindreårige seriøst, spurte aktor den tiltalte.

– Ja, eg tar det seriøst. Det er openbert at dette er tull og humor, forklarte den 25-årige mannen.

Les også: Overgrepstiltalt mann (24) la ut Instagram-bilde: «Blitt tiltalt for seksual lovbrudd? Ring meg!»

Tiltalt i overgrepssaken i Bergen
Tiltalt i overgrepssaken i Bergen

Trudde fornærma var 16 år

Både under forklaringa til den fornærma kvinna og to av dei tiltalte mennene har alder vore sentralt.

Den tredje tiltalte har enno ikkje forklart seg for retten.

Dei to tiltalte mennene (25) har begge sagt at dei trudde kvinna var født i 2003, og derfor var 16 år då dei møttest i januar 2020.

Ifølge dei viste den fornærma fram identifikasjon på at ho var 16 år.

Kvinna har sjølv fortalt at alder aldri var eit tema då dei møttest den kvelden.

Alle dei fem tiltalte har heile tida nekta all straffskuld.

Aktor Benedicte Hordnes og bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre i Hordaland tingrett

Aktor Benedicte Hordnes og bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre.

Foto: Valentina Baisotti

Forklarar seg bak lukka dører

Rettsaken har sidan førre veke gått føre seg bak lukka dører, utan publikum til stades.

Det vart bestemt etter at personar som følgde rettssaka la ut namn og bilete av dei tiltalte på sosiale medium.

– Det er ikkje greitt at folk ikkje klarar å oppføre seg. No vart det heilt naudsynt å stenge dørene i denne saka, sa forsvarar John Christian Elden då retten bestemte å stenge dørene førre veke.

Høyr meir om den mykje omtala rettssaka i NRK-podkasten «Oppdatert»: