– Dei fortenar å få eit nytt bygg

Fredag vart den symbolske grunnsteinen i det nye Breheimsenteret lagt ned av miljøvernministar Bård Vegard Solhjell.

Branruinar og grunnstein

GRUNNSTEIN PÅ PLASS: Frå brannruinane i fjor (til venstre). Fredag la miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ned grunnsteinen til det nye Breheimsenteret.

Foto: Frank Optun Smedegård/Ole André Rekkedal / NRK

Miljøvernministaren fekk sjå Jostedalen på sitt flottaste då han var der for å leggja ned den grunnsteinen på det nye Breheimsenteret.

Det er snart eitt år sidan Breheimsenteret brann ned til grunnen. Men allereie same natta vart alle klutar sette i sving for å oppretthalda tilbodet, samt å få opp eit nytt senter på branntomta.

No er endeleg bygginga i gang.

Har bygd i ein månad

Kjærvik og Solhjell

LEIAR OG MINISTAR: Peder Kjærvik (t.v.) og Bård Vegar Solhjell.

Foto: Frank Optun Smedegård

– Det var ein utruleg flott dag å sjå inn mot Nigardsbreen. Det var imponerande å høyra korleis dei hadde sett i gang med arbeidet den natta det brann. Dei snakka med hotell og pensjonat, planla vegen vidare, bygdefolket vart sett i sving og i løpet av kort tid ordna dei servering og alt mogleg, sa Bård Vegar Solhjell.

Senteret skal vera ferdig den 1. mai 2013.

– Det markerer den offisielle byggestarten, men me har bygd her i om lag ein månad allereie, seier Peder Kjærvik, som er dagleg leiar ved Breheimsenteret.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Breheimsenteret

I FULL FYR: Slik såg Breheimsenteret ut om kvelden den 28. juli i fjor.

Foto: Frank Optun Smedegård

Ein portal til breen

Ministaren seier at senteret først og fremst er ein inngangsport for folk som vil oppleva breen på ulike vis. Det kan vera dei som kjem med cruiseskip og berre skal sjå litt og nett gå litt på breen, og det kan vera meir avansert turisme, som lengre breturar, kajakkpadling og liknande ting.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Grunnsteinen vert lagt. (foto Bjørnar Bjørhusdal)

– Eg er veldig oppteken av at me skal bruka av naturen. Det er gjennom det av me forstår kor viktig den er for oss, men me må gjera det på ein måte som ikkje øydelegg den. Og det gjer Breheimsenteret på ein veldig god måte.

I fjor vart det bestemt at det nye senteret skal bli heilt likt det som brann ned. Dermed beheld Jostedalen det karakteristiske bygget - eller i alle fall ein tru kopi.

– Dei fortenar verkeleg å få seg eit nytt bygg. Nasjonalparken er ein av dei best besøkte nasjonalparkane i heile Norg, sa ministeren.

Breheimsenteret i Jostedalen

ORGINALEN: Slik såg det ut før det brann, og slik vil det sjå ut når det er attreist.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Grunnsteinen er på plass, og etter kvart vil det reisa seg eit flott senter her.

Telt og arbeidsbrakker

Med provisoriske løysingar, som telt og arbeidsbrakker, klarte senteret å gjennomføra resten av sesongen i fjor, samt årets sesong so langt.

– Med dyktige tilsette og pågangsmot so går det meste. Turistane tykkjer sjølvsagt det er trist at senteret brann ned, men dei er glade for at me har klart å oppretthalda tilbodet, seier Kjærvik.

– Det er viktig å halda det gåande fordi me har forpliktelsar ovanfor kundane. Me må passa på at naturen blir brukt ordentleg, og samstundes har me ei rolle i å gjere den verna naturen tilgjengeleg for folk flest.