Hopp til innhold

Havbruksstudentar er redd det vil mangle jobbar: – Eit slag i trynet

Studentar er bekymra for framtida etter forslag om å skattlegge oppdrettsnæringa. – Det har dei ingen grunn til, seier professor.

Axel Nybakken og Kristine Dahlgren

UROA: Axel Nybakken og Kristine Dahlgren går begge fjerde året på havbruksstudiet i Bergen. Dei er uroa for framtida.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Kva skal me faktisk jobbe med til slutt? Kva er dei framtidige arbeidsplassane i Noreg?

Spørsmåla kjem frå 24 år gamle Mina Frøshaug.

Ho studerer havbruk ved Universitetet i Bergen. Eit fem år langt studium, der ho til slutt endar opp som sivilingeniør.

Draumen er å jobbe med forsking og innovasjon innan sjømat. Men no er ho, og fleire andre på studiet, bekymra for framtida.

– Eit slag i trynet

I september la regjeringa fram eit forslag om å skattlegge oppdrettsnæringa med ein grunnrenteskatt.

Kort forklart betyr det at dei som brukar norsk sjø og fjord til oppdrett av laks og aure må betale staten for tida fisken er i sjøen.

Dei som eig oppdrettsselskapa har sagt at skatteordninga kjem til å sette tusenvis av arbeidsplassar i fare.

– Dette er å sløkke lysa langs kysten, sa administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Noreg då nyheita om skatten kom.

Mina og fleire av studievennane på lesesalen er usikre på framtida.

– Det kom som eit slag i trynet. Eg veit ikkje om alle hadde valt dette studiet om dei hadde visst det, seier Axel Nybakken.

Les også Vil hente 33 milliarder kroner ekstra fra kraft og laks

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under onsdagens pressekonferanse på Blaafarveværket.

– Tom trussel frå næringa

Frøshaug er spesielt bekymra for at arbeidsplassane i distrikta kjem til å forsvinne.

Ho er redd mindre oppdrettsselskap ikkje kjem til å ha pengar igjen til å satse på forsking og nye idear.

– Det har dei ingen grunn til å vera, seier professor i økonomi, Karen Helene Ulltveit-Moe.

Ho jobbar ved Universitetet i Oslo, og har tidlegare leia eit utval som i 2019 føreslo å innføra grunnrenteskatt på oppdrett.

Professoren meiner skatten ikkje er til hinder for forsking og utvikling, fordi den tar utgangspunkt i inntektene som er igjen etter at ein har investert i for eksempel forsking.

– At denne skatten skal hindre utvikling er ei form for tom trussel frå ei næring som ikkje vil betale skatt, seier ho.

oppdrettsanlegg

Oppdrettslaks og aure veks seg stor i slike merdar, ute på sjøen i Noreg. Regjeringa vil at selskap skal betale for tida dei brukar norsk sjø til oppdrett.

Foto: Halvard Alvik / NTB

24 milliardar i investeringar stoppa

Krister Hoaas er regionsjef for Sjømat Noreg og fnyser av kommentarane frå professoren.

– Det er lett å sitte på kontor på Blindern og meine at dette berre er truslar, seier han.

Sjømat Noreg representerer over 800 bedrifter innan havbruk.

Han meiner bekymringane til studentane er reelle. Ifølge han har investeringar for totalt 24 milliardar kroner allereie blitt stoppa eller sette på vent, som følge av forslaget om grunnrenteskatt.

Les også Varsler flere permitteringer som følge av grunnrenteskatten

Lars Fredrik Mørch, Namdalskysten næringsforening

Han viser til ein nyheitsartikkel frå Kyst.no om at fleire kjøp i næringa har blitt heva.

Før skatteforslaget blir innført skal det på høyring og presenterast for Stortinget. Der må forslaget få fleirtal, før det blir godkjent.

– Lagar de unødvendig mykje støy rundt dette for å hindre at forslaget går gjennom?

– Snakk med dei som har fått permitteringsvarsel eller mistar jobben. Spør dei om det er støy, eller om det er ein reell angst for utviklinga framover, seier han.

Krister Hoaas, Sjømat Norge

Krister Hoaas er regionsjef i for Sjømat Noreg. Han meiner grunnrenteskatten er ein skivebom.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Vil legge til rette

Næringspolitisk talsperson Per Vidar Kjølmoen (Ap) seier at regjeringa framleis vil legge til rette for vekst og utvikling for havbruksnæringa.

Næringa har eit enormt vekst- og eksportpotensial. Vi meiner dette ikkje blir hindra av grunnrenteskattlegging på ekstraordinær høg profitt.

Han meiner det er viktig at felles naturressursar kjem fellesskapet til gode.

Kjølmoen legg til at regjeringas forslag til grunnrente for havbruk skjermar dei mindre bedriftene. Skatten skal betalast av store oppdrettsselskap som produserer store volum.

OcuExQp5IhY

Regjeringa vil framleis legge til rette for vekst og utvikling for havbruksnæringa, seier næringspolitisk talsperson Per Vidar Kjølmoen (Ap).

Foto: Håkon Mosvold Larsen