Hopp til innhold

No kan Grunnlova komme på nynorsk - men ikkje viss Lødemel får det som han vil...

Noregs Mållag vil kjempe for å få Grunnlova på nynorsk. Men stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har ikkje tenkt å stemme ja til det. Han følgjer i staden sitt eige parti, og stemmer nei.

Grunnlova kan komme på nynorsk

NEI: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel er klar på at Grunnlova skal vere som ho er.

Foto: Lise Åserud/Ole André Rekkedal / NTB Scanpix/NRK

200 år etter at lovverket vart vedteke, kan Grunnlova komme på nynorsk.

– Det hadde vore ei symbolsk viktig og fin handling, seier Marit Aakre Tennø, som er leiar i Noregs Mållag.

Tennø seier feiringa av 200-årsjubileet for Grunnlova er ein gyllen sjanse til å nettopp heve nynorsken.

Stortinget vil få to alternativ i samband med saka om endring av språket i Grunnlova:

  • Graver-utvalgets alternativ: Eit utval leia av jusprofessor Hans Petter Graver har skrive om dagens tekt til to versjonar, ein på vår samtids bokmål og ein på vår samtids nynorsk. Dette alternativet har støtte av dei raudgrøne partia.
  • Vinje-utvalets alternativ: Eit utval leia av sprpkprofessor Finn.Erik Vinje har skrive teksten om til eit «mindre hardhendt» bokmål. Har støtte frå Framstegspartiet.

Men viss ingen av forslaga får to tredjedels fleirtal i Stortinget, vert teksten i Grunnlova ståande slik han er. Slik det er per i dag, vert dette støtta av Venstre, Krf og no også Høgre, og ser dermed ut til å verte det mest sannsynlege utfallet.

Marit Aakre Tennø

TA SJANSEN: Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, meiner politikarane må ta ein historisk sjanse.

Foto: Noregs Mållag

– Det er ein historisk sjanse. Det er slik at andre land i verda som oppfører seg som oss, altså dei med fleire nasjonalspråk, dei har jo grunnlov på ulike språk, seier Tennø, som nemner både Finland, Sveits og Canada som døme.

Meiner det er fornuftig slik det er

– Der er det heilt naturleg at dersom ein har jamstilte språk, så skal også Grunnlova vere på begge språk, seier Tennø.

Det er svært ulike meiningar om denne saka, og ingenting er bestemt før stortingsrepresentantane gir sine stemmer i mai. Torsdag vert det klart at

Stortingsrepresentant frå Høgre Bjørn Lødemel seier han kjem til å stemme som partiet sitt, nei.

– Eg kjem til å følgje Høgre sitt syn. Eg meiner det er fornuftig med tanke på den rolla grunnlova har, og det det betyr historisk, seier Lødemel.

Så viss Høgre får det som dei vil, kjem grunnlova til å sjå ut sameleis som i dag.

– Då fortset vi å ha det på den gamle språkforma som Grunnlova alltid har vore skriven på, seier Lødemel.

Meiner andre ting er viktigare

I Norge er det berre Stortinget som kan gjere endringar i grunnlova og endringane skal ha eit to tredjedels fleirtal.

Det er stortingsrepresentantane som legg fram forslag til endringar i lova, og i år er det kome rekordmange forslag, 38 i talet.

Endringar i grunnlova vert behandla av kontroll-og konstitusjonskomiteen før dei vert vedtekne av Stortinget i fleirtal.

Lødemel fryktar at lova på fleire målføre kan føre til store utfordringar for dei som skal handheve og praktisere lovverket.

– Eg er kjempeglad i nynorsken, og ønskjer at den skal ha så gode vilkår som mogleg. Men når det gjeld Grunnlova, er det også mange andre ting som er viktig. Det går både på det historiske og det praktiske, med tanke på korleis lova skal tolkast i rettsvesenet, seier Lødemel.

(Saka held fram under TV-innslaget)

Gelius, Kolberg, Tetzschner

Bryr seg meir om reelle endringar

Heller ikkje Sveinung Rotevatn frå Venstre vil kjempe for eit lovverk på nynorsk. Han er meir oppteken av innhaldet i lovteksten.

– For meg er ikkje språket i Grunnlova det viktigaste. Eg er meir oppteken av dei reelle endringane som ligg i utkastet til ny grunnlov, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn (V) i Vandrehallen

ANDRE TING ER VIKTIGARE: Sveinung Rotevatn (V) meiner det er andre ting det er viktigare å få gjort noko med i Grunnlova.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Han siktar til mellom anna det å grunnlovsfeste personvernet og å få menneskerettar som ein viktigare del av Grunnlova.

– Det tykkjer eg er veldig viktig. Eg er sjølvsagt oppteken av språk også, men eg er meir oppteken av dei reelle endringane, seier Rotevatn.

Forslag til endringar i lova må leggjast fram i eitt av dei tre første åra i ein stortingsperiode. Deretter vert forslaga handsama i første, andre eller tredje storting i neste periode.

Poenget med eit slikt regelverk er at det skal vere eit stortingsval mellom forslaget til endringar vert lagt fram, til vedtaket vert fatta, for å gje veljarane moglegheit til å ta stilling til dei.

Meiner det er ein historisk sjanse

Mållaget skal ha landsmøte i helga, og der vil dei diskutere denne saka.
Tennø meiner politikarar frå nynorskfylka bør stemme for eit lovverk på eige målføre.

– Eg tykkjer jo absolutt det. Politikarane i Sogn og Fjordane er gode nynorsk-politikarar, og jobbar godt for nynorsken. Så eg håpar dei tenkjer seg godt om, og ser at det er ein historisk sjanse, seier Tennø.

– Eg er definitivt oppteken av språk, eg er trass alt styremedlem i Noregs Mållag. Men for Grunnlova sin del, så er det ikkje det eg er mest oppteken av. I Norge har vi tradisjon for å anten lage lover på nynorsk eller bokmål, så spørsmålet no er om vi skal gjere ei endring på det, seier Rotevatn.