Hopp til innhold

Grunneigar vil bygge ut fjellområde: – Vindmøller er som kunst

GAULAR (NRK): Medan protestane mot vindkraft stadig blir meir høglytte, gler grunneigar Gunnar Råheim seg til vindmøllene kjem på plass i fjellområda han eig.

Gunnar Råheim i Viksdalen

FOR UTBYGGING: Gunnar Råheim er ein av grunneigarane som har sagt ja til at fjellområdet mellom Gaular og Høyanger kan byggast ut.

Foto: Artur do Carmo / NRK

I løpet av dei neste åra kan fjellpartiet mellom Viksdalsvatnet og Høyanger bli bygd ut med vindmøller på rundt 200 meter. Grunneigarar står steilt mot kvarandre.

Fred. Olsen Renewables legg opp til å bygge ut mellom 40 og 80 vindmøller. Dei siste månadane har utbyggarar ringt opp grunneigarar for å få tilgang til området. Responsen har vore høgst ulik.

– Eg synest det er spennande. Eg ser ikkje noko negativt i det. Det er vel omtrent som kunst. Nokon likar ein del kunst og andre synest det er stygt. Men, stort sett blir kunst godteke etter ei tid uansett, seier ein av grunneigarane, Gunnar Råheim.

Han er del av eit sameige på åtte grunneigarar som stiller seg positive til utbyggingsplanane.

– Det er fornybar energi. Det er det viktigaste. Det har med klimadebatten å gjere. FN seier at vi må ha så mykje fornybar energi som vi kan produsere. Dersom klimaet blir for varmt, så ryk artsmangfaldet vi har pr. i dag. Det første vi må gjere er å få vekk energi som forureinar, seier han.

Fryktar utbygging

Ingunn Kjelstad er også grunneigar og har godt utsyn til fjellpartiet der utbygginga skal skje.

Ingunn Kjelstad

MOT UTBYGGING: Ingunn Kjelstad er ein av grunneigarane som har takka nei til utbyggingsplanane av vindkraft i Gaular. Ho fryktar fråflytting dersom det kjem vindmøller på over 200 meter.

– Det er fullstendig tragisk dersom det blir utbygging. Det er inngrep som ikkje er mogleg å reversere, seier ho.

Kjelstad har i sommar vore ein av dei mest aktive mot utbyggingsplanane.

– Vindmøllene høyrer ikkje heime her. Det må ei ny istid til for å slipe ned att eit fjell som er skote ned. Det er eit heilt ufatteleg inngrep i naturen vår.

Saman med andre grunneigarar i området har ho skrive ein uttale til Gaular kommune der dei åtvarar mot «store, irreversible» inngrep.

Dei fryktar støy frå vindkraftturbinar, visuell forureining, vegar, fyllingar, standplassar for turbinar og framføring av linjer.

– For meg så ser dette meir ut som eit profittjag enn som eit klimaformål. Det er nokre få som tener store pengar på det her.

Ja til avtale

Gunnar Råheim seier det er for tidleg å seie kor mykje kompensasjon han og dei andre i sameiget får for å seie ja til utbygging.

– Eg har ikkje rekna på det. Men eg gir det ikkje vekk gratis. Før planane er klare så veit vi ikkje kor mykje som kjem av vindmøller eller om det kjem i det heile tatt.

– Snakkar vi om ei god årsinntekt?

– Eg trur ikkje det på kvar enkelt i alle fall. Det er sikkert avhengig av kor store område ein eig og kva som skjer vidare.

Råheim har forståing for at enkelte synest vindturbinane er stygge. Men trur at det kan endre seg over tid.

– Dersom rotorblada irriterer så kan ein jo tenke at «oi, dei produserer faktisk fornybar energi», heller enn «oi, det var stygt».

Mange signeringar

Meir enn 30 grunneigarar frå Gaular og Høyanger har så langt inngått avtale med Fred Olsen Renewables, og selskapet er i dialog med fleire. Selskapet har teke imot fleire signaturar etter eit folkemøte på Sande i midten av august.

– Vi meiner no at det vil vere plass til rundt 50 turbinar på området vi allereie har avtalar for, seier adm.dir. Anders Bade.

Vindmålingar, og kor stort areal som blir ein del av prosjektet, vil vere med på å avgjere kor mange turbinar som blir bygde ut.

– Dialog med kommunane og lokalsamfunn, som blir sentralt i det vidare arbeidet, er også viktig for talet.

Bade seier området er godt eigna, basert på det dei veit i dag.

Han viser til at fjellpartiet ligg i eit av dei 13 områda som NVE meiner er aktuelle for vindkraftutbygging.

– Styremaktene har da utført ei samla vurdering av produksjonsforhold og moglege konfliktar med miljø og samfunnsinteresser. I tillegg er det gode vindressursar og det er bygd høgspentnett gjennom området med trafo i Høyanger, noko som er vesentleg for å realisere eit vindkraftprosjekt.

Bade seier at dette prosjektet vil vere minimalt synleg frå bustader, samanlikna med mange andre vindkraftprosjekt i Noreg.

Selskapet ønsker ikkje å kommentere kva grunneigarane kan vente seg i kompensasjon, men seier vilkåra er «konkurransedyktige».