Hopp til innhold

Grunneigar får millionar for å la denne skogen vere i fred

Kommune får millionar av staten for å la vere å hogge skog. – Misbruk av offentlege midlar, meiner Senterpartiet.

Lykkja i Øvre Årdal

MÅ STÅ URØRT: Denne skogen i Øvre Årdal blir verna. Det tener kommunen godt på.

Foto: Morten Sortland

I bratt steinur langs dalsidene i Utladalen Årdal inst i Sogn klamrar ein liten skog seg fast.

Her har han stått i generasjonar.

Forskjellen er at grunneigarane no skal få betalt for å la han stå.

Staten har nemleg eit mål om å verne 10 prosent av all skog i landet, og då må grunneigarar, som elles kunne funne på å hogge i skogen, bli kompensert.

I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 435,1 millionar kroner til vern av skog.

Ein av grunneigarane i Utladalen er kommunen sjølv, som får 2 millionar av staten for å la skogen vere i fred.

Det var Sogn Avis som fyrst omtala saka.

Lykkja i Øvre Årdal

BRATT:– Det er stupbratt og sannsynlegvis ville det aldri blitt hogd uansett, seier Ruben Rundsveen Bøtun.

Foto: MORTEN SORTLAND

– Skogen ville aldri ha blitt hogd av kommunen

Erstatninga for skogen vert rekna ut ifrå kva ein ville ha tent dersom ein hadde hogd alt saman.

Aleksander Øren Heen (Sp) er gruppeleiar for Senterpartiet på Vestland fylkesting.

– Eg syns det er misbruk av offentlege midlar, seier han.

– Denne skogen ville aldri ha blitt hogd av kommunen. Den er ikkje truga på noko slags vis.

Han meiner staten burde gjort forskjell på verdifull og mindre viktig skog.

– Det står fram som veldig tilfeldig at ein kan melde si interesse og få godt betalt for skogteigar som mest truleg ikkje hadde blitt hogd likevel, seier han.

– Det er mange løgne politiske vedtak

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane skogselskap, Ruben Rundsveen Bøtun, forstår at folk reagerer på pengebruken.

Han meiner likevel det er rett at grunneigarane får betalt, også når skogen ikkje ville blitt hogd uansett.

– Eg synest det er veldig positivt at dei skal betale skogeigar for den skogen som blir verna, for det blir jo beslaglagt for evig og alltid.

Skog på Gran.

MANGFALD: Vern av skog er forankra i stortingsmeldinga «Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald» og i FNs berekraftsmål 15 – om bevaring av livet på land.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Eit argument for å ta vare på skogen er såkalla «naturmangfald»; at flest mogleg artar skal overleve i naturen.

– Det er dokumentert at artar som er avhengige av skikkeleg gammal skog, død ved og store gamle tre, forsvinn frå landskap kor det ikkje er tilstrekkeleg mykje av den typen skog, seier seniorforskar Erik Framstad ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Forsvarar pengebruken

Maren Hersleth Holsen (V) er statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Ho seier det er vanskeleg å fastsetje verdien av verna natur og eventuelt tap av natur i kroner og øre.

– Det betyr likevel ikkje at vern er utan samfunnsøkonomisk betyding.

Ho legg til at verna naturområde er viktig for opplevingane i naturen.

– Naturmangfald har og eigenverdi. Vern vil difor samla sett kunne ha positiv samfunnsmessig betyding.