Hopp til innhold

Vart oppringt midt på natta og grovt sjikanert etter trippeldrap

Fylkesmann Anne Karin Hamre er sjikanert på det grovaste både på telefon og tekstmeldingar etter trippeldrapet i Årdal. Einskilde har endåtil ringt henne midt på natta og skjelt ho ut.

Lyshav og Anne Karin Hamre

SJIKANE: Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, har teke imot sjikanerande telefonar, tekstmeldingar og SMS-ar etter trippeldrapa på Valdresekspressen.

Foto: Christian Blom/Arne Stubhaug / NRK

– Det har vore veldig mange sjikanerande og grove meldingar på telefon, e-post, sms, sosiale medium og på nettsider. Eg har også fått sjikanerande telefonar nattetid, seier Hamre.

For ei veke sidan vart tre personar knivdrepne på Valdresekspressen mellom Årdal og Tyin. Mellom dei var 19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen. Ein 30 år gammal asylsøkjar er sikta for drapa, og sit varetektsfengsla i fire veker.

Etter hendinga har fylkesmannen i Sogn og Fjordane hatt mange utrivelege telefonar, e-postar og SMS-ar.

Er så stygt at ho ikkje vil gjenta det

Hamre vil ikkje fortelje kva dei som ringjer nattetid, har truga med.

– Det ønskjer eg ikkje å gå ut med. Noko av det er såpass stygge meldingar at eg ikkje ønskjer å gjenta det, seier Hamre.

Fylkesmannen blir skulda av avsendarane for å ha tvinga kommunen til å ta imot 150 asylsøkjarar.

Etter trippeldrapa på Valdresekspressen for ei veke sidan der ein asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta, har rasistiske ytringane vore sterke.

Hamre blir på ei nettside skulda for å ha tvinga Årdal kommune til å ta imot 150 asylsøkjarar.

I kommentarfeltet blir ho karakterisert som medskuldig i drapa og som ein forrædar. Ho er også avbilda og telefonnummeret er lagt ut med oppmoding om å bruke det.

– Det er beklageleg at det vert reagert på ein slik måte. Det er sterke reaksjonar. Eg tenkjer at vi som har leiarposisjonar, må tole ein del. Det var verst rett etter hendinga, men det har roa seg no, seier Hamre.

(Artikkelen held fram under skjermdumpen)

Sjikane 1

INJURIERANDE: Her er ein av ytringane mot Anne Katrin Hamre.

Foto: skjermdump

Vil ikkje seie kor mange meldingar ho har fått

Ho ønskjer ikkje å talfeste kor mange sjikanerande meldingar ho har fått.

– Eg har heller ikkje oversikt over kor mange meldingar sentralbordet vårt har fått, seier Hamre.

At det i einskilde medium har vorte presentert som om det er fylkesmannen si skuld at asylmottaket kom til Årdal, trur Hamre er ein av årsakene til at dei sjikanerande har komme.

– Dette har komme ut i media på ein måte der det vert oppfatta som om det var fylkesmannen som overprøvde kommunen om å etablere asylmottaket. Når noko så grufullt skjer, er det veldig mange som vert sinte, opprørte og redde. Ein har behov for ein syndebukk, og i dette tilfellet vart det fylkesmannen, seier Hamre.

(Artikkelen held fram under skjermdumpen)

Nummer

LA UT TELEFONNUMMER: I eitt av innlegga vart det lagt ut telefonnummer til Hamre og fleire andre som har med asylmottaket å gjere.

Foto: skjermdump

Har misforstått situasjonen

Fylkesmannen var klageinstans då Årdal søkte om å bruke eit hotell som asylmottak. Formannskapet i Årdal sa nei til å bruke hotellet, men fylkesmannen gjorde om vedtaket.

– Det er nok dessverre mange som har misforstått rolla til Fylkesmannen når det gjeld etableringa av asylmottaket i Årdal. Det er korkje kommunen eller Fylkesmannen som har mynde til å bestemme når det gjeld etablering av eit asylmottak i ein kommune, seier Hamre.

Det er Utlendingsdirektoratet som tek avgjerda om at eit asylmottak skal etablerast.

– Fylkesmannen var inne i ein søknad i ein dispensasjon om å få drive asylmottak på Sitla hotell i Årdal. Eigaren klaga på vedtaket i formannskapet, om å ikkje endre bruksføremålet til hotellet. Vi gav klagaren medhald i bruksendringa. Det var vår rolle i denne saka, seier Hamre.

(Artikkelen held fram under skjermdumpen)

Sjikane 3

HETS: Slik vert Anne Karin Hamre hetsa på nettet.

Foto: skjermdump

Er ikkje skremd, men uroa

Hamre vil ikkje politimelde saka så lenge det ikkje kjem truslar.

– Eg gjer ikkje noko vidare med dette. Det var verst første døgna etter hendinga. Eg trur nok folk har tenkt seg om no i ettertid, trur Hamre.

Ho er likevel uroa over rasismen som er vekt etter drapa.

– Eg blir ikkje skremd, men det som uroar meg, er omfanget av rasistiske ytringar som har vore både på sosiale medium og på nettet i etterkant. Det er urovekkjande, seier Hamre.