Grov-selskapet er også største aksjonær i Hotel Alexandra og Loenfjord hotell i Loen.
Eivind Grov. Arkivfoto NRK
- God investering
Styreleiar Eivind Grov meiner kjøpet av Wadahl Høgfjellshotell på Gålå i Sør-Fron i Oppland er ei god investering. Det er yngste sonen, Trygve Grov, som saman med sambuar Karina Ebbesen, leier Wadahl. Det har dei gjort sidan årsskiftet, sjølv om kjøpet ikkje skjedde før no.
Spøk vart alvor
- Det heile starta med ein spøk, seier Trygve Grov til Strynenytt. Foreldra hans har i mange år vore nære vener av familien Wadahl. - Eg sa til Tore Wadahl nærmast som spøk at Karina og eg kunne overta som vertskap. Men Wadahl tok det på alvor, og no er altså hotellet ein del av Grov AS.
Vekselbruk
Wadahl Høgfjellshotell har hovudsesongen sin om vinteren, og difor passar det godt inn med dei dei andre hotella til Grov-familien. Både Alexandra og Loenfjord har den store tilstrøyminga av gjester om sommaren. Difor kan det bli aktuelt å bruke ein del tilsette i Loen om sommaren og på Wadahl om vinteren. Wadahl har i dag 45 årsverk.
- Best i landet om to år
Wadahl ligg og svært strategisk til, om lag midtveges mellom Oslo og Trondheim. Det er over 600 kilometer med tur- og langrennsløyper utanfor hotelldøra, og sju skiheisar like ved. Målet til familein Grov er at det innan to år skal vere landets beste høgfjellshotell.