Hopp til innhold

– Dette er ikkje eit ekteskap, men eit valteknisk samarbeid

FØRDE (NRK): Høgre og Senterpartiet fekk onsdag kveld med seg Venstre, KrF og MDG på eit samarbeid i Sunnfjord. Dermed blir Olve Grotle (H) ordførar og Jenny Følling (Sp) varaordførar.

Olve Grotle og Jenny Følling

IKKJE EKTEPAR: – Dette er ikkje noko ekteskap, forsikra Olve Grotle (H) då han og Jenny Følling (Sp) presenterte seg som ordførar og varaordførar i nye Sunnfjord kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Grotle og Følling kunne klokka 23.40 onsdag kveld fortelje lokalpressa og NRK at Høgre har fått ordføraren.

– Det er eit resultat av det fleire parti har kome saman om og funne ut at er det beste, sa Grotle til NRK i lobbyen på Scandic Sunnfjord Hotell.

Han la vekt på at dette ikkje er resultatet av nokon felles politisk plattform i Sunnfjord.

– Dette er ikkje eit ekteskap, men eit valteknisk samarbeid. Eg er innstilt på godt samarbeid med dei som er her, men vi skal samarbeide med alle i nye Sunnfjord kommunestyre. Det er faktisk maktpåliggjande for å få dette til, sa Grotle.

Braut forhandlingane med AP

Jenny Følling går frå nyttår over frå rolla som fylkesordførar i Sogn og Fjordane til å bli varaordførar på heiltid i Sunnfjord.

Ho ville ikkje innrømme at ho var skuffa over å ikkje bli den første ordføraren i den nye kommunen.

– Senterpartiet sitt mål var å få ordføraren og vi fekk eit breitt mandat i folket. Vi blei det største partiet og gjekk mest fram. Men så er det slik i forhandlingane etterpå at det er det ein greier å få oppslutnad rundt til slutt som tel, sa Følling til NRK.

Etter valet gjekk Følling og Sp raskt i forhandlingar med Arbeidarpartiet om fordeling av makta i Sunnfjord. Men onsdag ettermiddag blei det klart at dei to partia ikkje klarte å bli samde.

Strid om varaordførar

NRK veit at det i løpet av onsdagskvelden blei ein strid mellom Ap og Sp om blant anna storleiken på varaordføraren si stilling.

Ap med Helge Robert Midtbø i spissen kravde at dei skulle ha ordførarvervet og gav Senterpartiet tilbod om varaordførarrolla i 50 prosent stilling. Det kunne ikkje Senterpartiet gå med på, og då blei det brot i forhandlingane.

– Vi har ein betre avtale no enn den vi kunne oppnå med Arbeidarpartiet. Eg vil ikkje gå inn på den avtalen, fordi det er mellom oss. Men totaliteten i den avtalen var slik at gruppa vår sa nei til den, sa Følling rett før midnatt.

MDG i formannskapet

Førstekandidat og komande formannskapsmedlem for Miljøpartiet dei grøne i Sunnfjord, Marius Dalin, var tydeleg på at han er nøgd med avtalen han var med på å signere.

– Vi kan samarbeide begge vegar og der vi får best utteljing for våre saker og moglegheita til å få størst påverknad på dei sakene vi er opptekne av. Klimaomstillingsplanen og fjordsaka blir heilt sentralt for oss.

Sunnfjord kommune er resultatet av samanslåinga av kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular frå 1. januar 2020. Det blir den største og mest folkerike kommunen i «gamle Sogn og Fjordane».